Flaumfarekartlegging 200 års flaum

Flaumfarekartlegging 200 års flaum

Flaumsonekartlegging med konseptanalyse for Lonevåg

Osterøy kommune søkte og fekk midlar frå Miljødirektoratet sine "Tilskudd til klimatilpasningstiltak" for å kunne gjennomføre ei flaumfarekartlegging med ei konseptanalyse for moglege løysingar for å handtere flaum, stormflo og havnivåstigning. 

Flaumfarekartlegginga vart gjennomført av Asplan Viak og viser at store deler av Lonevåg sentrum – frå Vågatjørna til hamna – er utsatt for overfløyming ved ekstreme nedbørhendingar. Ujamn terrenghelning og ingen definert flaumveg forverrar biletet. Dette gjeld for alle gjentaksintervalla som det er rekna på, altså 20-, 200- og 1000-års flaum. Flaumen det er rekna på kjem av overflateavrenning og overløp frå Vågatjørna.

Sjølv om flaumsonekartlegginga i seg sjølv syner utfordringar knytt til overvasshandtering, er det stormflo, og særleg stormflo i kombinasjon med framtidig havnivåstigning som vil sette hovudpremissane for vidare utvikling av Lonevåg. I flaumsonekartlegginga er det lagt til grunn at 5-års stormfloa kan opptre samstundes som ekstrem nedbør. 

Stormflonivå år 2100[1].JPG

Stormflonivå i Lonevåg år 2100. 

I den vidare konseptanalysa, som også har vore ein del av dette oppdraget, er framtidig 200- års stormflonivå premissgjevande for vidare utvikling av terrenget, det vil seie at nybygg etter sikkerheitsklasse F2 i Tek17 §7-2 må vere over kote 2,56 moh (NN2000) for å vere stormflosikre. Dette inkluderer ein sikkerheitsmargin på 0,5 m. Framtidig flaumsikre koter for 200-års flaumen er noko høgare, 2,9-3,0 moh, og må leggast til grunn dersom ikkje tiltaka i konseptanalysa vert vidareført.

Du kan lese heile rapporten med vedlegg (sist i vedlegget ligg flaumfarekart for 20-, 200, - og 1000 årsflaum samt stormflonivå 2100). 

Rapport og vedlegg

Konseptanalyse

Konsept 1- open kanal

Konsept 2- flaumvern og utfylling

Konsept 2- flaumvern

Web levert av CustomPublish