Førskuledag 2. juni.

INVITASJON TIL FØRSKULEDAG VÅREN 2017.

Vi inviterer deg til førskuledag på Fotlandsvåg skule fredag 2.juni 2017.

  • Denne dagen skal du vera på skulen frå kl. 09.30 til kl. 11.15.
  • Det vert matstund i slutten av 3.time.Ta med deg niste, frukt og drikke.
  • Foreldre eller andre som skal følgja deg til skulen, er hjarteleg velkomne til å vera med på førskuledagen.
  • Rektor vil informera foreldra ca. kl. 09.30.
  • Første skuledagen til hausten vert torsdag 17.08.17. Då skal alle elevane møta på skulen kl. 08.30.
  • Skulen har ordning med mjølk og frukt som de vil få tilbod om å tinga til hausten.

SFO følgjer skuleruta. På heimesida til Osterøy kommune kan de søkja om SFO plass.

 

  • Me gled oss til å møta deg på førskuledagen!

 

Web levert av CustomPublish