Formannskapet

Formannskapet er nest etter heradsstyret det sentrale politiske utvalet i kommunen og har m.a. ansvar for økonomi-, personal- og arealforvaltninga. Ordføraren leier formannskapet og møta vert til vanleg halde i rådhuset på onsdagar.

 

Etter valet i 2015 har formannskapet i Osterøy kommune 9 medlemmer. Ordførar og varaordførar er h.v. leiar og nestleiar. I denne perioden er det 5 menn og 4 kvinner i formannskapet.

Formannskapet har eit breidt saksfelt; alt frå personalforvaltning til arealforvaltning. Viktige oppgåver er årsbudsjett og økonomiplan, overordna planverk og reguleringsplanar, byggesaker m.v.

I hastesaker kan formannskapet gjera vedtak på heradsstyret sine vegner.

Møta i formannskapet vert til vanleg halde i Osterøy rådhus, heradsstyresalen og er opne for publikum og presse. Møta tek til kl. 13.00 om ikkja anna er særskild kunngjort.

Møtetidspunkt og oversikt over saker som skal handsamast, vert kunngjort på kommunen si heimeside og ved oppslag i veka før møtet. Saksdokumenta vert lagt ut i Servicekontoret og på biblioteket.

Formannskapet 2015 - 2019

Jarle Skeidsvoll, KRF, ordførar

Alf Terje Mortensen, FRP, varaordførar

Berit Moslett Borge, H

Johannes Haugland, SP

Jon Flydal Blichfeldt, MDG

Kjersti Ingolvsdotter Vevatne, V

Hildegunn Mo, FRP

Johannes Bysheim,  AP

Rita Aud Tveiten, AP

 

Formannskapet 2011 - 2015

Kari Foseid Aakre, AP, ordførar

Jarle Skeidsvoll, KRF, varaordførar

Eli Hole, AP

Jørgen Martin Sandal, SP

Ingemar Tepstad, H

Berit Moslett Borge, H

Ragnar J. Tyssebotn, FRP

Reglement for formannskapet:

 

 

Web levert av CustomPublish