Fotballtrener til Stjernelag

I samarbeid med Osterøy kommune ønskjer Osterøy IL å starta Stjernelag - for spelarar med nedset funksjonsevne. I samband med dette søkjer klubben etter ein fotballtrenar til laget. 

Stjernelaget vil trene 1 gong i veka og vil etter kvart delta i Stjerneserien. 

Stjerneserien er NFF Hordaland sitt kamp- og serietilbod for spelarar som ikkje finn seg til rette på ordinære lag eller som har ein nedset funksjonsevne. Serien vert spela over seks serierundar (3 på våren og 3 på hausten) med dei ulike klubbane som arrangør. Serien vert delt inn i fem klassar for ungdom/vaksen, kor ein spelar 5ar fotball.

Osterøy IL sitt Stjernelag vil delta i ungdom/vaksen mix klassen og vil bestå av spelarar, gutar og jenter, frå 13 år og oppover. 

 

Klubben ser etter ein person med;

- trenarerfaring, -kompetanse og/eller spelarerfaring

- gjerne erfaring frå arbeid med mennesker med nedsett funksjonsevne, men viktigaste er ønskje om å gje eit fotballtilbod til alle

- ønskje om å ta NFFs trenarkurs - tilrettelagt fotball (4t)

Trenaren vil bli løna, 1 time i veka ifm trening, etter gjeldane støttekontaktsatsar av Osterøy kommune, og inkludert i Osterøy IL sitt trenarkollegium.
Trenarar må framvisa politiattest. 

 

Interesse vert å melda/søknad sendast til Osterøy IL ved dagleg leiar Tore Langeland.
E-post: post@osteroyil.no  

Web levert av CustomPublish