Fotlandsvåg barnehage

OBS! Desse sidene er under arbeid våren/sommaren 2015.

Fotlandsvåg barnehage ligg i sentrum av Fotlandsvåg og er næraste nabo til Fotlandsvåg skule.
Barnehagen ligg fint til og vegen til skog og mark og flotte turområde er kort.
Barnehagen gjev plass til born frå 1- 6 år.

Fotlandsvåg barnehage har som hovudmål:

  • Å gje borna gode opplevingar og gode barnedomsminne
  • Barnet skal bli sett og høyrt

Barnehagen sine satsingsområde:

Barnehagen har faste ute/turdagar – turen går i nærområda; i skogen eller til sjøen.Borna skal utforske og gjera seg kjent i nærmiljøet sitt, me brukar dei resurssane som er i nærmiljøet til gode opplevingar og læring tilpassa borna sin alder.

Kropp, rørsle, helse - me brukar gymsalen på Fotlandsvåg skule og deler borna i grupper etter alder, her får borna opplevingar som dei meistrar og allsidig motorisk erfaring.

 

 

Web levert av CustomPublish