Fritid

På Osterøy er det fin natur med godt turterreng heile året, noko som innbyr til friluftsliv og spektakulære naturopplevingar. Osterøy kommune har i lang tid hatt eit rikt lags- og organisasjonsliv, der det er stor aktivitet innan musikk, ulike idrettsaktivitetar og så vidare.

Fiske

På Osterøy er det fleire fiskevatn og elvar, og Loneelva med sin spesielle laks er den mest kjende. Her må ein ha fiskekort for laks- og sjøaurefiske for å kunne fiske.

Jakt

Det er gode jaktmoglegheitar på Osterøy. For å jakta må ein ta jegerprøva. Det obligatoriske kurset går over 30 timar med både teori og praksis. Teoretisk eksamen vert halden av kommunen. Ein må vera 14 år eller eldre for å ta prøva.

Ski og skøyter

På vinterstid er det skiløyper På Rolland og Vare. Om vinteren kan ein også gå på skøyter på Brakvatnet, Storavatnet og Valestrandsvatnet, om isen er tjukk nok.

Sykkeltur:

Dersom du ønskjer å bruka sykkelen, kan du sykle langs stabbesteinsvegar til fjordbygdene eller innover øya til eit vakkert kulturlandskap og fjellområde.

Biltur

Nettsida bilvandring har kart og forslag til bilturar i området som kan kombinerast med interessante, godt tilrettelagte, merka og passeleg lange fotturar.

Tur

Du har mange mogleigheiter når du skal ut på tur i Osterøy kommune.

Eksemplar på fjellturar:

  • Høgafjellet
  • Bruviknipa
  • Rispingen
  • Tveitafjellet
  • Stongfjellet
  • Hånipa

Bading

Eksempler på badeplassar:

 

Tilskotsportalen

Osterøy kommune tilbyr lag og organisasjonar ei teneste som kallast tilskotsportalen. Det er ein portal som kan nyttast til å finne tilskotsordningar ein kan søkje på.

Web levert av CustomPublish