Plankart[1]_400x400

Fylkesmannen stadfesta Osterøy heradsstyre sitt vedtak i klagesak detaljregulering Stuttåsen Gnr 9 bnr 1 m.fl.planID 12532013005

Vedtak: Fylkesmannen i Hordaland stadfester Osterøy heradsstyre sitt vedtak av 25.05.2015, sak 036/2016. 

 

Det kom inn ei klage på vedtaket innan klagefristen. Osterøy Herasstyre handsama klagen i møte 05.10.16. Klagen vart ikkje teken til fylgje og saka vart sendt til Fylkesmannen i Hordaland som klageinstans for endeleg avgjerd jf plan- og bygningslova § 1-9 og forvaltningslova kap VI § 28- §36. 

Fylkesmannen skriv i sin konklusjon: 

Etter ein gjennomgang av saksdokumenta finn Fylkesmannen at reguleringsplanen er handsama i samsvar med dei krav som plan- og bygningslova set til utarbeiding og vedtaking av reguleringsplanar. Vi har heller ikkje merknader til det planfaglege skjønnet som kommunen har utøvd i saka, jf. fvl § 34 andre ledd. Klagen vert etter dette ikkje teken til følgje. Fylkesmannen sitt vedtak er endeleg og kan ikkje klagast vidare, jf. fvl § 28 tredje ledd.

Fylkesmannen sitt vedtak

Oversendingsbrev til klageinstans

Klagesak til politisk handsaming

SAMANDRAG

Det er utarbeidd framlegg til detaljregulering for Stuttåsen, plannummer 12532013005. Føremålet med planen er å legge til rette for eine- og tomannsbustader i klyngetun, med tilhøyrande veg og grøntareal. Forslagsstillar er Borgeåsen Eiendom AS og plankonsulent er Opus AS. Arealet er på 120 dekar og omfattar gardsnr 1, bruknr 1 og 2 og gnr 10, bnr 1. Gnr 10, bnr 1 er føreslått regulert til LNF, landbruksføremål i tråd med merknad frå grunneigar. Området var avsett til LNF spreidd bustad i siste kommueplan med krav om landskapsanalyse og detaljregulering.

I forkant av planprosessesen vart det utarbeida ei landskapsanalyse for området i tråd med føresegn i Kommuneplanen sin arealdel. Landskapsanalysen vart handsama i møte PS sak 11/15. Jf KPA og landskapsanalysen er føremålet med planen å legge til rette for eine-og tomannsbustader i klyngetun, med tilhøyrande veg og grøntareal. Planen har vore på høyring og offentleg ettersyn 2.ganger før endeleg vedtak 20.01.2016. 

Forslagsstillar er Borgeåsen Eiendom AS og plankonsulent er Opus AS. Arealet er på 120 dekar og omfattar gardsnr 1, bruknr 1 og 2 og gnr 10, bnr 1. Gnr 10, bnr 1 er føreslått regulert til LNF, landbruksføremål i tråd med merknad frå grunneigar. Området var avsett til LNF spreidd bustad i siste kommueplan med krav om landskapsanalyse og detaljregulering. 

Planforslaget er regulert til føremål:

  1. Bygningar og anlegg: Frittliggjande småhus, andre kommunaltekniske anlegg og anna uteopphaldsareal.
  2. Samferdsle og teknisk infrastruktur: Køyreveg, fortau, anna veggrunn-tekniske anlegg, anna veggrunn-grøntareal, kollektivanlegg og parkeringsplassar.
  3. Landbruks-, natur og friluftsførmål: Landbruksføremål og friluftsføremål.
  4. Omsynssone: Frisiktsone, faresone høgspenningsanlegg og bevaring naturmiljø.

Planforslaget omfattar:

1. Sakspapir fjerde gangs handsaming

2. Sakspapir med samandrag av merknadane. 

3. Plankart

4. Føresegner

5. Planskildring

6. VA-rammeplan

7. VA rammeplankart

8. Illustrasjonsplan

9. Vegetasjonskart

10. Landskapsanalyse

11. Naturmangfaldsvurdering

Plankartet og føresegnene er juridisk bindande for framtidig arealbruk jf plan og bygningslova (pbl) § 12-4.

Du kan sjå alle saksdokument ved å sjå postjournal her. Bruk saksnr 14/330. 

Web levert av CustomPublish