Fysioterapi - kommunal

Fysioterapeutane yter tenester til alle aldersgrupper med hovudvekt på barn, funksjonshemma og eldre.

Målsetjinga for tenesta er å betra eller vedlikehalda brukaren si funksjonsevne eller kompensera for funksjonssvikt, slik at dei kan meistra livssituasjonen sin best mogeleg.

Kommunefysioterapeutane arbeider med habilitering og rehabilitering gjennom arbeid med brukarar i barnehagar, skular, heimetenesta og Osterøytunet.

Arbeidet omfattar blant anna:

  • Undersøking, vurdering
  • Behandling/trening/oppfølging
  • Rettleiing og opplæring av brukar, personale og pårørande
  • Formidling, utprøving og tilpassing av tekniske hjelpemiddel
  • tverrfagleg arbeid i forhold til habilitering og rehabilitering

Avdelinga er lokalisert på Osterøytunet på Hauge, men tenester vert og utførte utanfor desse lokala.

  • i barnehagar og skular
  • Heime hjå brukarar

Kommunefysioterapeutene har eit tett samarbeid med ergoterapeuten og er samlokalisert med denne. Andre samarbeidspartnarar er legar, pleie- og omsorgstenesta, skular, trygdekontor, rehabiliteringsteamet i Hordaland, hjelpemiddelsentralen, hjelpemiddelfirma, spesialisthelsetenesta og pårørande.

Fysioterapitilbodet er organisert slik at undersøking og behandling av personar som sjølv kan forflytta seg i hovudsak vert utført hjå privatpraktiserande fysioterapeut med kommunalt driftstilskot.

Ein kan ta direkte kontakt med den kommunale tenesta. Det er to heile kommunale stillingar. Ventetida varierer. Det er generelt stor pågang og ein må rekna med ventetid. Prioritering av saker skjer ut frå vurdering av behov i kvart enkelt tilfelle.

Web levert av CustomPublish