GITAR

Gitaren er eit populært instrument

Gitaren er eit instrument svært mange har eit forhold til, og fleire vil læra seg å spela. Instrumentet er forholdsvis lett å frakta med seg, og kan brukast i svært mange samanhengar. Har du lært deg nokre gitargrep kan du fort verta midtpunktet i gjengen dersom det byr seg ein anledning til litt allsong, enten det er rundt leirbålet på ein telttur eller du har konsert for medelevar på skulen.

Mange typar gitar
Det finst mange forskjellige typar gitar: klassisk gitar, akustusk gitar med stålstrengar eller nylonstrengar, halvakustisk gitar og elektrisk gitar. Felles for dei aller fleste er at gitaren har seks strengar, sjølv om det finst både sju- og tolvstrengarar. Det er også forskjellige storleikar å få tak i.
For dei minste gitaristane er det ofte best å spela på ein juniorgitar, som er noko mindre enn ein vanleg gitar. I starten kan det også vera lurt å ha ein gitar med nylonstrengar, for å unngå såre fingertuppar.



Når kan du byrja å spela gitar? 
Du kan sjølvsagt byrja når du vil, men det passar best frå 3. klasse og oppover. Gitaren krev litt styrke i fingrane, og det kan ofte vera vanskeleg for dei aller minste. 



Tid og stad
På nærskulen i eller etter skuletid. For elevar på Lonevåg skule og Osterøy ungdomsskule: Kulturskulen sine lokale i eller etter skuletid. 

Web levert av CustomPublish