Hamre kommune

Hamre vart eigen heradskommune frå 1838 i samsvar med formannskapslovene av 1837.

Ved Kongelig resolusjon av 25. september 1914 var namnet endra frå Hammer til Hamre

"hvorved det civile og geistlige inddelingsnavn Hammer i Søndre Bergenhus amt
forandres til Hamre."

Ved kommunesamanslåinga i 1964 gjekk den delen av kommunen som låg på Osterøy inn i den nye Osterøy kommune. Den delen av Hamre kommune som låg nord for Osterfjorden igjen inn i den ny Lindås kommune. Flatøy vart lagt til Meland kommune. Hamre heradskommune låg på nord- og sørsida av Osterfjorden og austsida av Sørfjorden. Den sørlegaste delen låg på Osterøy. Før kommunesamanslåinga i 1964 grensa kommunen i aust til Hosanger, i sør og søraust til Haus og i vest til Åsane kommune.

Ved kgl.res. av 09.08.196 vart det gjort fylgjande vedtak:

"I mehald av mellombels lov av 21. juni 1956 om revisjon av kommuneinndelinga
vart fastsett:

Den nye heradskommunen på Osterøya, skipa av kommunane Haus, Hamre,
Hosanger og Bruvik kommunar, får namnet O s t e r ø y.

Den nye heradskommunen på Lindåshalvøya, skipa av kommunane Lindås og
Alversund og delear av Hamre, Hosanger, Modalen og Sæbø kommunar, får namnet

L i n d å s."

Katalogen gjev oversikt over arkivet etter Hamre kommune i tidsrommet 1838 - 1963.

Berre unntaksvis er det registrert nokre fåe arkivstykke før 1838 og etter 1963.

Storparten av arkivet har tidlegare vore henta inn og deponert av Osterøy Museum. Hausten 2007 og vinteren 2008 vart det henta inn til Interkommunalt arkiv i Hordaland for ordning og registrering. Tidlegare i åra 1992 og 1993 vart det henta inn til IKAH ein del arkiv frå Hamre som var samla i kommunehuset på Hosanger. Desse hadde tidlegare vore samla inn kringom frå fleire loft. Det som då vart henta inn til Interkommunalt arkiv i Hordaland viste seg å vera i stor uorden og i dårleg stand. Mesteparten viste ved grovordning å vera trykksaker og ikkje arkivverdig materiale.

Endeleg ordning og registrering av alt arkiv som er funne etter Hamre kommune vart ved Interkommunalt arkiv i Hordaland sluttført sommaren 2008.
Arkivet er deponert i Osterøy kommune sitt arkivdepot ved Osterøy Museum.

Web levert av CustomPublish