Haus kommune

Haus vart eigen heradskommune frå 1838 i samsvar med formannskapslovene av 1837.
Haus kommune låg på nord- og sørsida av Sørfjorden, med grenser mot Hamre, Årstad, Fana, Os, Voss og Hosanger.
 

1.1.1870 vart Bruvik skilt ut som eigen kommune, med område både på Osterøy og på
fastlandet. 1.1.1964 gjekk delen som var på nordsida av fjorden inn i den nye Osterøy
kommune. Resten av Haus kommune skifta namn til Arna.

kgl.res. av 9.aug.1963 heiter det:
"I medhald av mellombelslov 21.juni 1956 om revisjon av kommuneinndelinga vert fastsett:
2. Den nye heradskommunen på Osterøya, skipa ved samanslåing av delar av Haus, Hamre, Hosanger og Bruvik kommunar, får namnet Osterøy.
4. Den attverande del av Haus kommune(fastlandsdelen)får namnet Arna. "

Arna kommune vart innlemma i Bergen kommune 1.1.1972.

Dei fleste innbyggjarane i Haus budde sør for fjorden, og kommunesenteret i Haus kommune låg i Indre Arna. Det meste av arkivet vart ståande igjen der, ved skiftet i 1964, og vart
overteke av Arna kommune. Arkivet sto i det gamle kommunehuset til 1979, då det vart teke inn til Bergen Byarkiv. Andre delar har vore plasserte andre stader, mellom anna i skular eller privat og har vorte oppdaga over mange år.

27.mai 1980 vart det gjort avtale mellom Osterøy og Bergen kommunar om at arkivtilfanget etter dei to tidlegare kommunane Haus og Hamre skulle vere felleseige for Osterøy og Bergen, og disponerast slik at arkivet etter Haus vart verande i Bergen, medan arkivet etter Hamre vart verande på Osterøy. Delar av arkivet har vore i stor uorden.
Arkivet etter Haus kommune er no i Bergen Byarkiv. Store delar av det er ordna og
katalogisert, medan andre delar enno er uordna. Delar av arkivet vart fortsett av Arna
kommune, det var derfor vanskeleg å skilje dei to kommunearkiva. Dei er derfor i hovudsak
rekna som ei eining, med namnet Haus/Arna kommune. Arkivet strekker seg for det meste frå 1838 til 1963/ 1971, og omfattar ca 55 kommunale einingar.

Web levert av CustomPublish