Haus skule

TRYGGLEIK  -  ENGASJEMENT  -  SAMARBEID

Haus skule

 

Haus skule er ein 1- 7 skule med 127 elevar. Skulen ligg høgt og fritt med utsyn over Sørfjorden. Elevane har tilgong på fine naturområde og eit flott idrettsanlegg.


Siste nytt


Peparkakehus

Peparkakebygd

I dag leverte Haus skule sitt bidrag til peparkakebygda i Lonevåg, 7 hus og ei kyrkje. Elevane på 6. trinn har sjølv lagd malar, bakt og pynta. Resultatet var nokre utruleg fine og sjarmerande hus! Flott innsats 6. trinn!

29. november 2017 Les meir
Snømann

Sesongens fyrste snømann

Kjekt med snø!

23. november 2017 Les meir
2014.11.27 Skulelunch 1

Skulelunch

Tusen takk!

Det blei skulelunch i år og! Både laks og eggerøre sto på menyen og elevane koste seg når dei fekk velja pålegg frå eit fristande langbord. I tillegg fekk dei sjokolade med krem. Ikkje rart at dette er eit av skuleåret sine høgdepunkt. Det er noko elevane verkeleg gler seg til.

Tusen takk til FAU og alle som stilte opp for å laga til denne velsmakande hyggestunda for elevane og personalet på skulen!

23. november 2017 Les meir
2017.11 Juleverkstad 1

Kjempekoseleg med juleaktivitetar


1. og 2. klasse trylla fram både stjerner, juletre, nissar og eple med god hjelp av ein student frå NLA og 3 elevar frå Arna vidaregåande skule. Det var djup konsentrasjon og mykje aktivitet. Elevane tova, sydde og malte. Det var heilt tydeleg at dette var noko dei hadde gleda seg til og motivasjon var på topp.

15. november 2017 Les meir
Tastatur-illustrasjonsfoto

Nasjonale prøver

Haus skule gjennomfører Nasjonale prøver for 5. trinn i rekning tysdag 17.oktober, i lesing 24. oktober og i engelsk 31.oktober.

Føremålet med nasjonale prøver er å gi skulen  kunnskap om elevane sine grunnleggande ferdigheiter i lesing og rekning. Engelsk tek utgangspunkt i faget sine kompetansemål, og fokuserar på leseforståing, ordforråd, omgrep og grammatikk.

 

09. oktober 2017 Les meir
Web levert av CustomPublish