Haus skule

Haus skule

Haus skule er ein 1- 7 skule med 156 elevar. Skulen ligg høgt og fritt med utsyn over Sørfjorden. Elevane har tilgong på fine naturområde og eit flott idrettsanlegg.

Lærarane jobbar i team og fokusområde er:

Klasseleiing, grunnleggande dugleikar og vurdering.


Siste nytt


Picasa

Magisk Oslotur i strålande solskin

6. trinn på klassetur til Tigerstaden

Elevane på 6. trinn har i tillegg til prisutdelinga på Nobels Fredssprisenter fått bli kjend med Oslo som by ved eigen guide, fått omvising på Fredsprisutstillinga 2014 (Malala og Kailash), fått delta på eksklusive forfattarmøte og dei har fått prøve seg som artistar. Ved Oslo Popsenter har elevane fått synge inn ei låt i studio som dei sjølve har miksa og fått designa eige platecover til. Det vart og tid til litt shopping, byvandring og pizzamåltid. Det å ta fly saman som gruppe var og populært. Kjempekjekk tur! 

24. april 2015 Les meir
2015.04.23 6. trinn i Oslo-Utdeling av Bokslukerprisen

6. trinn ved Haus skule var ein av juryklassane då Bokslukerprisen blei delt ut på Nobels Fredsprissenter i Oslo

Alexander Løken vann historias første Bokslukerpris

Bokslukerprisen i regi av Foreningen !les blei delt ut på Verdas bokdag foran eit entusiastisk publikum på Nobels Fredssenter i Oslo. Historias fyrste prisvinner var sjølv over seg av begeistring.

Sjå Foreningen !les si pressemelding:

http://bokslukerprisen.no/alexander-loken-vant-historiens-forste-bokslukerpris/

Vinneren av Bokslukerprisen 2015.pdf

24. april 2015 Les meir
ordsky 5

Ordskyer på 5. trinn

Me lagar adjektivskyer!

Elevane på 5. trinn har laga tøffe "adjektivskyer" i IKT-timen. Ei ordsky er ei samanstilling av ord, og elevane har lært å bruke nettprogrammet "Wordle" som lagar flotte ordskyer der elevane kan tilpasse sine skyer etter behov: farge, font, storleik m.m. Adjektivskyene vart ganske tøffe og fargerike.

17. april 2015 Les meir
stjerneorientering

Stjerneorientering "Europageografi" på 6. trinn

Fysisk aktivitet og hovudstadpugging i strålande solskin!

6. trinn gjennomførte i dag ein time med utandørs stjerneorientering der elevane måtte leite etter 30 postar som innheld geografispørsmål frå pensumet i samfunnsfag. Elevane jobba parvis, og dei måtte springe tilbake til "Basen" for å gje svar på kvar enkelt oppgåve før dei fekk gå til ein ny post. Super innsats og høg svarprosent var å spore i elevgruppa etter denne friske utandørsøkta.

17. april 2015 Les meir
2014-12 Bokslukerprisen

Haus-elever deler ut historiens første Bokslukerpris!

Bokslukerprisen i regi av Foreningen !les deles ut på Verdens bokdag torsdag 23.

Høsten 2014 har 25 000 elever på 6. trinn lest utdrag fra ti bøker og stemt frem sine fem superfinalister. Disse fem bøkene har fem juryklasser over hele landet lest og diskutert, og nå har sjetteklassingene valgt sin favorittbok. På Verdens bokdag 23. april får vi vite hvilken bok som vinner historiens første Bokslukerpris. Utdelingen er på Nobels Fredssenter i hovedstaden med alle juryelevene og nominerte forfattere til stede.

16. april 2015 Les meir
Web levert av CustomPublish