Havråtunet

Ikkje langt frå Osterøybrua ligg Havråtunet i ei sørvendt li ned mot fjorden. Her kan ein sjå eit eineståande eksempel på eit vestnorsk klyngetun. Heilt fram til midten av 1800- talet var slike samlingar av bustadhus og uthus vanlege å sjå i det vestnorske landskapet. På Havråtunet har ein bevart tunet slik det var frå gamalt, der gardshusa låg samla i ei klynge som ein liten landsby. Mark og åker låg teigvis rundt busetnaden.

Havråtunet er under privat eigarskap og ver merksam på at det framleis bur folk i tunet.

Opningstider:

Alle sundagar frå og med juni-sept:

kl. 12-15. Omvising kl.12 og 13.30.

I skulane si ferie tysdag og onsdag:

kl. 12-15. Omvising kl.12 og 13.30.

Utanom opningstidene ope etter avtale.

Kontakt:

Telefon: 56 39 02 90 / 959 14 742 / 55 25 10 80

Heimeside

Web levert av CustomPublish