Helsestasjon og skulehelsetenesta

Helsestasjon og skulehelsetenesta si målgruppe er born og ungdom mellom 0 og 20 år. Helsesøstertenesta arbeider førebyggjande, svarar på spørsmål og gjev råd og rettleiing dersom det er ønskjeleg.

Vi ynskjer kontakt med alle born som bur på Osterøy og ber derfor alle tilflyttarar om å ta kontakt dersom de ikkje har fått innkalling til helsestasjonen.

Helsestasjonen skal følgje opp foreldre og barns fysiske og psykiske helse. 

Åpningstid for brukarar: 08.30 til 15.00. Unntak tirsdag då det er Helsestasjon for ungdom og åpent til 16.30.

Telefontider er:

Måndag og onsdag: frå 08.30 til 11.00 og frå 13.00 til 14.30. 

Torsdag: frå 08.30 til 11.00 og frå 13.00 til 14.00.

Fredag: frå 08.30 - 11.00

 

Ved helsestasjonen arbeider det for tida helsesøster, jordmor og sekretær.

Helsestasjonens oppgåver:

  • Fremje psykisk og fysisk helse på born 0 - 6 år
  • Fremje gode sosiale og miljømessige forhold
  • Førebyggje sjukdom og skade
  • Systematiske spe- og småbarnsundersøkelser
  • Gjennomføring av vaksinasjonsprogram
  • Tilbod om heimebesøk til alle nyfødte

I tillegg kjem:

  • Førebygging av epidemiske og smittsame sjukdomar
  • Miljøretta helsesvern i barnehager og skuler
  • Helseteneste for flyktninger
  • Samarbeid med foreldre, skule, barnehager, PPT, barnevern, lege, psykolog, ergo- og fysioterapitenesta
  • Utleige av brystpumper 
  • Foreldreveiledning
  • Babytreff

Skulehelsetenesta

Skulehelsetenesta skal arbeide for å fremje eleven si totale helse og førebyggja sjukdom og skade.

Det gjer vi ved:

  • Helseundersøkinger etter fastsett plan
  • Oppfølging av elever ved behov
  • Vaksinering
  • Helseopplysning / rettleing / undervisning
  • Vurdering av elevens arbeidsmiljø

Skulehelsetenesta samarbeider med elev, heim, skule og anna hjelpeapparat. Helsesøster deltek i ansvarsgrupper rundt elevar med spesielle behov

For kontakt med helsesøster på dei ulike skulane, ta kontakt med helsestasjonen, tlf 56 19 23 70.

Helsestasjon for ungdom

er eit tilbod til unge mellom 13 og 20 år
Helsestasjonen for ungdom er open i skuleåret, kvar tirsdag fra 15.00 - 16.30. Du kan få snakke med helsesøster og lege.

Du treng ingen timebestilling.

Tema du kan ta opp:

  • Spørsmål om kroppen
  • Samliv / seksualitet
  • Matvaner, slanking/ spiseproblem
  • Søvn
  • Rusmidler
  • Vonde opplevingar/ bekymringar
  • Prevensjon / prevensjonsrettleiing

Lover og retningslinjer

Dette er ein lovpålagt teneste. Sjå også forskrift om kommunens helsefremmende og forebyggende arbeid i helsestasjons- og skolehelsetjenesten §§ 2-1 og 2-3.

 

 

 

Web levert av CustomPublish