Heradsstyret2015-2019

Heradsstyret2015-2019

Heradsstyret

Heradsstyret er kommunen sitt øvste organ. Det vert vald direkte av innbyggjarane for fire år om gongen. Heradsstyret har til vanleg møte ein onsdag i månaden. Møta startar normalt kl. 16.00 og er opne for publikum. Møta vert halde i heradsstyresalen i Osterøy rådhus dersom ikkje anna møtestad er oppgitt.

Heradsstyret i Osterøy har 27 representantar. I denne perioden vart det vald inn 10 kvinner og 17 menn. 

Heradsstyret vel Formannskap (9 medlemer valde av og mellom kommunestyre-representantane) og alle andre nemder og råd i kommunen.
 

Heradsstyret gjer vedtak på vegne av kommunen så langt vedtaksretten ikkje er lagt til andre. Alle saker som er av prinsipiell karakter skal avgjerast avheradsstyret sjølv. Dette gjeld m.a. årsbudsjett, økonomiplan, kommuneplan og andre overordna planar for kommunen si drift.


Heradsstyret kan og ha eigne temamøte på aktuelle saksområde.

Sakslistene til heradsstyret vert kunngjort i Bygdanytt, ved oppslag samt på heimesida til kommunen.

For perioden 2015 - 2019 er heradsstyret slik samansett:

Parti/tal      - kvinner/menn

AP     - 8 medlemmer (4 kvinner/4 menn)

KRF   - 4 medlemmer (2 kvinner/2 menn)

H       - 4 medlemmer (1 kvinne/3 menn)

V       - 1 medlem ( 1 kvinne)

SP     - 2 medlemmer (2 menn)

MDG  - 2 medlemmer (1 kvinne/1 mann)

FRP   - 6 medlemmer (1 kvinne/5 menn)          

Ordførar:           Jarle Skeidsvoll, KRF, jarle.skeidsvoll@osteroy.kommune.no

Varaordførar:     Alf Terje Mortensen, FRP, alftmo@gmail.com

Gruppeleiarar i heradsstyret:

Berit Moslett Borge, H, Ragnar J. Tyssebotn, FRP, Annbjørg Bysheim Herland, KRF, Johannes Bysheim, AP, Johannes Haugland, SP, Jon FLydal Blichfeldt, MDG og Kjersti Ingolvsdotter Vevatne, V.

 

I periodnen  2011 - 2015 hadde heradstyret slik samansetjing:

Parti/tal       -      kvinner/menn

AP - 10 medlemmer (6 menn/4 kvinner)

H -     6  medlemmer  (4 menn/2 kvinner

V -     1 medlem (1 mann)

FRP - 5 medlemmer (3 menn/2 kvinner). Frå hausten 2013 4 menn/1 kvinne

KRF - 2 medlemmer (2 menn)

SP -   3 medlemmer (3 menn)

                                                    

Ordførar: Kari Foseid Aakre, AP

Varaordførar: Jarle Skeidsvoll, KRF

Reglement for heradsstyret:

Reglement for spørjetimen

Reglement for godtgjersle til politikarar

Web levert av CustomPublish