Høyring – Heldal utbyggingsavtale

Med heimel i plan og bygningslova § 17-4, samt avtale mellom partane, har formannskapet i møte 05.09.2018 vedteke å leggje fylgjande utbyggingsavtale om Heldal hytteområde ut på høyring:

Utbyggingsavtale - reguleringsplan Heldal, Plan nr. : 1253 2011 006

Tiltakshavar er Heldal Tomteselskap AS.

Spørsmål kan rettast til Osterøy kommune v/ juridisk rådgjevar Hege Eeg. Avtaledokumenta ligg til gjennomsyn i Osterøy rådhus servicekontoret. 

Eventuelle merknadar vert å senda via elektronisk høyringsskjema, post til Osterøy kommune v/ Hege Eeg, Rådhusplassen, 5282 Lonevåg, eller til post@osteroy.kommune.no (merk e-post med «Merknad Heldal utbyggingsavtale – høyring» og «Hege Eeg»).  Frist for å kome med merknad er 8. oktober 2018.

Sakspapir

Utbyggingsavtale

Arealplankart

Reguleringsføresegn

VA rammeplan

Kart over VA-anlegg

Fordelingsnøkkel kostnadar

Avtale om overdraging av justeringsrett

Avtale om økonomisk oppgjer etter overdraging av justeringsrett

 

Web levert av CustomPublish