Framside_rapport_ROS[1]

Merknadsfrist 12.06.18

Høyring og offentleg ettersyn av Heilskapleg risiko-og sårbaranalyse for Osterøy kommune

Formannskapet gjorde i møte 03.05.18 i saknr 039/18 følgjande vedtak: Utkast til Heilskapleg risiko-og sårbaranalyse for Osterøy kommune vert lagt ut på høyring og offentleg ettersyn i minimum 3 veker. 

Oppstart av arbeidet med heilskapleg risiko-og sårbaranalyse (ROS) vart handsama politisk hausten 2016.  Osterøy kommune har mangla ein heilskapleg ROS analyse og Fylkesmannen i Hordaland har påpeika dette ei rekke ganger. I tilsynsrapporten etter tilsynet 3.november 2017 skriv fylkesmannen:

« Avvik 1- heilskapleg risiko og sårbarheitsananlyse og oppdatering /revisjon. Osterøy kommune manglar ein heilskapleg risiko- og  sårbarheitsananlyse. Regelverkskrav:  Avviket er i høve til § 14 i sivilbeskyttelseslova, jf. forskrift om kommunal berdeskapsplikt § 2 og § 6.» Det vert og peikt på avviket frå 2013 som ikkje er lukka, og kommunen har fått frist til å lukka avviket innan 31.12.2018

Dette har og ført til at Osterøy kommune ikkje har fått godkjent beredsskapsplanen sin då denne er avhengig av ei heilskapleg ROS analyse. Frist for å ha Overordna beredskapsplan på plass er sett til 01.07.2019.

Osterøy kommune har støtta seg på rettleiaren som Direktoratet for Samfunnsikkerhet og beredskap har laga frå 2014: Den seier mellom anna atDen helhetlige risiko- og sårbarhetsanalysen skal:

  • gi oversikt over uønskede hendelser som utfordrer kommunen
  • gi bevissthet om risiko og sårbarhet i kommunen
  • fange opp risiko og sårbarhet på tvers av sektorer
  • gi kunnskap om tiltak for å unngå og redusere risiko og sårbarhet i kommunen
  • identifisere tiltak som er vesentlige for kommunens evne til å håndtere påkjenninger
  • gi grunnlag for mål, prioriteringer og nødvendige beslutninger i kommunens arbeid med samfunnssikkerhet og beredskap
  • gi innspill til risiko- og sårbarhetsanalyser innen andre kommunale ansvarsområder og fylkesROS

Prosess

Arbeidet har vore leia og utført med interne ressursar. Planavd har hatt leiaransvar for prosessen. Arbeidet med innhenting av informasjon og arbeidet med sjølve analysane har vore eit samarbeid på tvers av fag- og ansvarsområde i kommunen. Arbeidet har vore svært ressurskrevjande men nyttig for å sikre god eigarskap  og kjennskap til tematikken i organisasjonen. Det har vore ein nyttig læringsprosess som har resultert i tilsette som er i stand til å vurdere risiko og sårbarheit i sin kvardag. Den betydelege innsatsen i organisasjonen har også bidrege til høgt nivå av lokalkunnskap og fagleg kvalitet i analysane. Til saman har vel 40 medarbeidarar frå kommunen sin administrasjon tatt del i arbeidet. Deltakerne vart valt ut på bakgrunn av erfaring, kompetanse og arbeidsområde.

Rådmannen si leiargruppe har vore styringsgruppe for arbeidet og har hatt god innnsikt i prosess og probemstilingar undervegs. Med god kjennskap til det omfattande arbeidet også i den øvste leiinga til kommunen vil ein vere betre rusta til å prioritere og gjennomføre naudsynte avbøtande tiltak for å redusere risiko og sårbarheit i kommunen.

I tillegg til stor innsats internt i organisasjonen har ein fått hjelp av eksterne ressursar som nabokommunar, IKT Nordhordland (IKT-NH), Bergen Brannvesen og Osterøy lensmann i  arbeidsseminar og anna bistand. Bergen brannvesen har bidrege aktivt inn i arbeidsgruppene og har vore viktige for den faglege gjennomføringa av fleire scenarie. Vaksdal kommune og Kvam herad har også ytt hjelp gjennom å gjere  sin heilskaplege ROS tilgjengeleg for oss
 

Periode 2018-2022

Heilskapleg risiko-og sårbaranalyse er eit dokument og eit arbeid som skal stå seg over lang tid men som treng å reviderast jamnleg. Både vurdering, rangering og gjennomføring av tiltak vil måtte ta tid. Gjennomføring av vurdering, rangering og tiltak bør difor vere gjennomført innan 2022. Etter gjennomførte tiltak må ein ta ei ny vurdering av risikobilete både det som gjeld dei analyserte scenaria og i høve til evt nye utfordringar.

Risikoakseptkriteria

Risikoakseptkriteria er tilpassa lokale tilhøve men er basert på rettleiaren til DSB. For klassifiseringa på akseptabel, tolerabel og uakseptabel risiko har ein sett til Bergen kommune sitt arbeid. I arbeidet har ein gjennomført analysane før ein har vurdert risikoakseptkriteria. Dette er i samsvar med anbefalt metode i rettleiaren til DsB (s.22). Til skilnad frå areal-Ros som har risikoakseptkriterie som gjeld eit spesifikt utbyggingsområde eller tiltak vil risikoakseptkriteria i ein heilskapleg ROS gjelde kommunen som samfunn eller geografisk område. Det vil difor vere naturleg at ein har ulike risikoakseptkriteria for desse to sjå kap 4.0 og vedlegg 1.

Dokument i saka: 

Merknader: 

Det er mogleg å kome med merknader til utkast til rapport for Heilskapeleg risiko-og sårbaranlyse Osterøy kommune 2018. Frist for å kome med merknader er 12.06.18. Merknader kan sendast Osterøy kommune pr e-post: post@osteroy.kommune.no eller pr post til adresse Osterøy kommune, Rådhusplassen, 5282 Lonevåg. 

Merknadsfrist: 12.06.18

Web levert av CustomPublish