framside planstrategi 2016-2020

Høyring og offentleg ettersyn av Kommunal planstrategi for Osterøy kommune 2016-2020 - merknadsfrist 19.08.16.

Heradsstyret gjorde i møte 22.06.16 følgjande vedtak i sak 044/16: 

"Med heimel i plan og bygningslova § 10-1 vedtek Heradsstyret å legga framlegg til Kommunal planstrategi for Osterøy kommune 2016-2020, dagsett 01.06.2016 ut på høyring og offentleg ettersyn, og med slikt tilleggspunkt til arealstrategiar: Strategi for å sikra vern av jordbruksareal og vern av matjord.  Det er ei utfordring i heile Norge at jordbruket byggast ned i stor skala. Det må innarbeidast i arealplanen korleis vi kan ivareta jordbruket."

Det er utarbeidd forslag til kommunal planstrategi for planperioden 2016-2020. Strategisk leiargruppe har fungert som arbeidsgruppe, medan formannskapet er styringsgruppe for arbeidet. Planseksjonen har koordinert arbeidet. Planstrategien legg mellom anna opp til:

Ferdigstilling av pågåande planarbeid:

  • Kommuneplanen sin samfunnsdel
  • Kommunedelplan for sjø- og strandsona
  • Kommunedelplan for oppvekst
  • Kommunedelplan for kulturminner
  • Områderegulering av Valestrand sentrum

Oppstart av planarbeid:

  • Områderegulering Lonevåg oppstart 2016
  • Rullering av kommuneplanen sin arealdel 2018
  • Områderegulering Haus og Åsheim 2019

Arbeidet med Samfunnsplanen kan avdekke behov for nye planar og revisjon av gjeldande planar

Plandokument

1. Sakspapir

2. Kommunal planstrategi for Osterøy kommune 2016-2020

Kunngjering om høyring og offentleg ettersyn

Framlegg til plan skal ved høyring og offentleg ettersyn kunngjerast på kommunen si heimeside. Overordna myndigheiter og nabokommunar er direkte tilskrive.

Planen ligg til gjennomsyn i servicekontoret på Rådhuset og på Osterøy Bibliotek. Merknader til planstrategien må vera framsett skriftleg innan merknadsfristen.

For å kome med merknad kan ein nytta elektronisk merknadsskjema , e-post post@osteroy.kommune.no  eller brevpost til Osterøy kommune v/ Plan, Rådhusplassen, Hatland, 5282 Lonevåg.

Innsending av merknad stilast til plan og merkast: "Kommunal planstrategi"
Merknadsfrist: 19.08.16

 
Web levert av CustomPublish