Hosanger kommune

Hosanger vart eigen heradskommune frå 1838 i samsvar med formannskapslovene av 1837.
Ved kommunesamanslåinga i 1964 var kommunen delt mellom kommunane Osterøy og Lindås.

Hosanger heradskommune låg på nord- og sørsida av Osterfjorden. Den sørlegaste delen av kommunen låg på Osterøy. Før kommunesamanslåinga i 1964 grensa kommunen i nord til Masfjorden, i nordaust til Modalen, i aust til Bruvik, i sør til Haus og i vest til Hamre kommune.

Kommuneinndelinga:
I samsvar med formannskapslovene av 1837 § 1 var Hosanger formannskapsdistrikt oppretta og gjort gjeldande frå 1838.
"I ethvert Præstegjeld paa Landet skal det være et Formandskab...."
Matrikkellova av 1863 innførte nemninga herad for formannskapsdistrikt på landet.

Då Alversund prestegjeld ved kgl.res. av 22.11.1884 vart oppretta, vart det i same resolusjon gjort vedtak om at prestegjeldet vart eigen heradskommune. Seim sokn i Hosanger prestegjeld gjekk inn i den nye Alversund heradskommune.

Ved kgl.res. av 17.11.1909 vart soknene Mo og Eksingedalen frådelt Hosanger heradskommune, og var eigen heradskommune men namnet Modalen.

"Ved kongelig resolution av 17de november 1909 er det bestemt:

1. At Hosanger herred i Søndre Bergenhus amt fra den tid, som av amtmanden
bestemmes, paa de av herredstyret i møte den 5te oktober og 7de november 1908
samt 15de februar 1909 vedtagne vilkaar deles i to herreder, nemlig Hosanger
herred, svarende til Hosanger sogn, og Modalen herred, svarende til Mo og
Eksingedalen sogne.

2. At der i hendhold til landsformandskabslovens § 63 meddeles amtamden
bemyndigelse at avholde ekstraordinære kommunevalget for de nye herreder til
utkaarelse av det fornødne antal representanter med suppleanter i henhold til
nævnte loves § 1 med funktionstid indtil utgangen av aaret 1910, samt at
valgstyrene bemyniges til at fastsette de ændringer med hensyn til
formandskapslovers frister vedrørende valg, som maatte findes fornødne"

Vedtaket vart gjort gjeldande frå 1. januar 1910.
Ved kgl.res. av 09.08.1963 var det gjort fylgjande vedtak;
"I medhald av mellombels lov av 21. juni 1956 om revisjon av komuneinndelinga
fastsett:

(...) 2) Den nye heradskommunen på Osterøya, skipa ved samanslåing av deler av
Haus, Hamre, Hosanger og Bruvik kommunar, får namnet O s t e r ø y


Arkivet har tidlegare vore henta inn og deponert av Osterøy Museum. Vinteren 2007 vart det henta inn til Interkommunalt arkiv i Hordaland for ordning og registrering. Arkivet er deponert i Osterøy kommune sitt arkivdepot ved Osterøy Museum.

Web levert av CustomPublish