Hoshovdstølen med eigar av gnr. 87 bnr. 3 Kari Laurhammer Mjøs og Aksel Mjøs

I samsvar med plan- og bygningsloven § 17-4, kunngjer Osterøy kommune med dette oppstart av forhandlingar med føremål om å inngå utbyggingsavtale for utbygging av reguleringsplan for Hoshovdstølen med eigar av gnr. 87 bnr. 3 Kari Laurhammer Mjøs og Aksel Mjøs.

Avtalen skal bidra til å sikre ein effektiv  og føreseieleg gjennomføring for alle partar i samband med planlegging og utbygging av området og nærliggande infrastruktur. Utbyggingsavtalen vil blant anna handle om etablering av teknisk og grøn infrastruktur ved utbygging av området i medhald av reguleringsplan og rekkefølgjekrav.

Avtalen vil kunne få innverknad på rekkefølgjekrav for utbygging i nærliggande område som i kommuneplanen er avsett til utbyggingsføremål.

Ved semje vil framforhandla avtale bli lagt ut til offentleg ettersyn. Inngått avtale vil kunngjerast.

Eventuelle spørsmål til avtalen rettast til Osterøy kommune v/Sektor for miljø og teknikk. For merknadar bruk elektronisk høyringsskjema.

Web levert av CustomPublish