Hytteregistrering for feiing og tilsyn

Kommunen pliktar no å gjennomføre tilsyn og feiing i alle fritidsbustader med eldstad. I samband med dette ønskjer Osterøy brann-redning at du, via elektronisk skjema, sender inn ein del opplysningar om din  fritidsbustad.

Du er sjølvsagt opptatt av branntryggleiken i din fritidsbustad. Ei ny forskrift om brannforebygging vart gjeldande 1. januar  2016. Denne forskrifta seier mellom anna at det vert stilla same krav til branntryggleik i fritidsbustader  som heilårsbustader og er omfatta av feie- og tilsynstenestar på same måte.

Kommunen pliktar no å gjennomføre tilsyn og feiing i alle fritidsbustader med eldstad. Under eit slikt besøk sjekker vi branntryggleiken, og om skorsteinen treng feiing. Auka krav til branntryggleik i fritidsbustad betyr òg at det skal vere minst ein fungerande røykvarslar i kvar etasje, og tilgjengeleg sløkkjeutstyr.

Osterøy brann - redning har starta arbeidet med å kartleggje og oppdatere informasjon om fritidsbustader med fyringsanlegg i kommunen. Dette er eit omfattande arbeid.  Det vert òg årleg avgift for feie -og tilsynstenesta. Dette er etter sjølvkostprinsippet, og beløpet vert årleg revidert.

For å kunne ta vare på branntryggleiken i din fritidsbustad, treng vi nokre fleire opplysningar.

Slik går du fram for å sende oss informasjon


Ver venleg å fylle ut det elektroniske skjemaet «Hytteregistrering feiing og tilsyn» som du finn under "sjølvbetening" på heimesida til kommunen. 

Om du ikkje har internett eller av andre årsaker ikkje får fram skjemaet, kan du ringe branninspektør Åge Færestrand 413 060 30  evt. 56 19 21 00, eller send oss e-post på feiar@osteroy.kommune.no, så sender vi skjemaet i posten.

Stemmer det ikkje at du eig fritidsbustad i Osterøy kommune, eller har du andre spørsmål vedkomande emnet? Ta kontakt med branninspektør Åge Færestrand på tlf. 41306030.

For meir informasjon les dette følgjebrevet.

 

 

Web levert av CustomPublish