Kultur og fritid

Osterøy er ein kommune med mange spanande kulturminne, kulturmiljø og fritids- og friluftstilbod.

Osterøy har og eit særeige kulturlandskap. Kulturlandskapet er satt saman av gardstun og einskildbygningar som lemstover, brakaløer og naust, bunde saman av landskapselement som steingardar, stabbgjerde, bakkemurar og vegfar. Dette er ein viktig del av Osterøy sin identitet og historie og har stor opplevingsverdi.

På Osterøy er det fin natur med godt turterreng heile året, noko som innbyr til friluftsliv og spektakulære naturopplevingar. Osterøy kommune har i lang tid hatt eit rikt og variert lags- og organisasjonsliv, der det er eit godt tilbod av fritidsaktivitetar for både born, ungdom og vaksne.

Web levert av CustomPublish