Rullering av handlingsprogram i kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv 2019-2022

Osterøy kommune rullerer årleg Kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv sitt handlingsprogram når det gjeld idrettsanlegg og nærmiljøanlegg.

Innspel til rullering for 2019 - 2022 må vera Osterøy kommune i hende i løpet av 1. mai 2018. Innspel vil bli førelagt Osterøy idrettsråd for uttale før saka vil bli handsama i formannskapet og heradsstyret i juni.

Osterøy kommune ynskjer at innspel vert sendt via elektronisk høyringsskjema.

Nye tiltak må senda inn ei kort prosjektbeskriving som skildrar behovet for anlegget, eit enkelt kostnadsoverslag og ein foreløpig investeringsplan for anlegget det skal søkast for.  Dersom tiltak allereie står i handlingsprogrammet for 2018-2021 (sjå under) trengs det ikkje sendas inn nytt innspel.

Handlingsprogrammet for 2018-2021, vedtatt i heradsstyret 21. juni 2017 finn ein i vedlegg under.

Handlingsprogrammet for 2018-2021

Kommunedelplan idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv finn du her.

Web levert av CustomPublish