Individuell plan og brukarkoordinator

Alle som har behov for langvarige og koordinerte tenester har rett til å få utarbeida ein individuell plan, uavhengig av alder, diagnose og funksjon.

Langvarig betyr at ein reknar med at behovet strekker seg over ei viss tid, men utan at det treng å vera varig. «Koordinerte» tenester betyr at behovet gjeld to eller fleire helse- og omsorgstenester.

Individuell plan skal bidra til at tenestemottakeren får et heilheitleg, koordinert og individuelt tilpassa tenestetilbod. Ein tenesteytar (koordinator) skal til ei kvar tid ha hovudansvaret for oppfølginga av tenestemottakaren. Planarbeidet skal ta utgangspunkt i pasient og brukar sitt mål, ressursar og samansatte behov.

Individuell plan skal styrka samhandlinga mellom tenesteytar og tenestemottakar og eventuelt pårørande, og etatar innan eit forvaltningsnivå eller på tvers av forvaltningsnivåa.

Koordinerande eining for habilitering og rehabilitering har overordna ansvar for individuell plan og for oppnemning, opplæring, og rettleiing av koordinatorar.

MELDING OM INDIVIDUELL PLAN

For å få individuell plan må det meldast behov til koordinerande eining i Osterøy kommune. Dersom det er behov, vil det bli oppnemnd koordinator og oppretta plan. Osterøy kommune nyttar Visma sin elektroniske versjon av individuell plan - Sampro, dette er ei sikker nettbasert løysing som gir planeigar og deltakarar ein til kvar tid oppdatert versjon av individuell plan. Dersom brukar har fått informasjon om retten til individuell plan og brukarkoordinator og ikkje ynskjer dette skal tenesteytar sende inn skjema til koordinerande eining på dette.

LOVGRUNNLAG

Retten til individuell plan går fram av pasient- og brukerrettighetsloven § 2-5. Meir om emnet finn du i forskrift om habilitering og rehabilitering, individuell plan og koordinator. 

Ansvaret for individuell plan er heimla i:

Helsepersonell har ei lovpålagt plikt til å melda frå om behov for individuell plan og å delta i arbeidet med individuell plan, jfr. helsepersonelloven § 4, 2. ledd og 38 a.

Individuell plan er også heimla i følgjande lovar og forskrifter for andre sektorar:

Skulen si plikt til å medverka i arbeidet med individuell plan er nedfelt i opplæringsloven § 15-5

I forskrift om legemiddelassistert rehabilitering (LAR) § 6 vert behovet for individuell plan understreka.

Web levert av CustomPublish