Her er dei viktigaste råda for trygg bruk av grill.
Gassgrill
- Før du opnar for gasstilførselen på behaldaren, sjekk at alle blussane er stengde.
- Tenn alltid på grillen med loket ope rett etter at gasstilførselen er opna.
- Når grillinga er over, sjekk at både gassblussane og flaskeventilen er stengde.
- Sjekk slangar jamnleg for sprekker og lekkasjar.
- Kjenner du gasslukt og mistenkjer lekkasje, steng straks av gassen på gassflaska og flytt flaska til ein sikker stad.
Følg gassvettreglene for trygg bruk av gass.
- Plasser aldri gassbehaldarar i kjellaren eller i andre rom under bakken.
- Pass på at gassbehaldaren står oppreist og ikkje blir utsett for sterk varme eller sterk sol.
- Ver på vakt mot lekkasjar. Open eld, røyking eller ein elektrisk gnist kan tenne på gassen slik at den eksploderer.
- Sjekk slangar og koplingar for lekkasjar jamnleg. Dette gjer du ved å pensle på konsentrert såpevatn. Når du opnar for gassen vil det vere såpebobler der lekkasjen er.
- Bruk berre slangar som er meint for å bruke til gass. Skift sprukne eller øydelagde slangar med ein gong. Det er ikkje lov å bruke slangar som er lengre enn 1,5 meter. Bruk slangeklemmer for å feste slangen.
- Hald alltid ei tent fyrstikk klar når du opnar for gassen. Steng for gassen når du ikkje skal bruke den. Ta også av regulatoren dersom det er lenge til du skal bruke gass igjen.
- Dersom det startar å brenne i nærleiken av gassbehaldaren, steng for gassen ved å vippe over knappen på toppen av regulatoren. Dersom det er forsvarleg bør du også flytte behaldaren vekk frå brannen.
- Pass på at gassapparatet og behaldaren er i god stand. Ikkje prøv å reparere skader på gassbehaldaren sjølv. Overlat til propanforhandlaren å gjere kontroll og eventuelle vedlikehald av gassapparatet og gassanlegget.
- Les bruksanvisninga nøye før du tar gassapparatet og gassanlegget i bruk. Spør forhandlaren dersom du er i tvil om noko.
Bålpanne
Bålpanner vert stadig meir populære. Ved bruk av bålpanner gjeld dei same reglane som ved brenning av hageavfall, der ein berre skal brenne tørr og rein ved, eller bruke grillkol.