HjemBranntryggleik, eldstad og feiingEldstad, feiing og bustadtilsyn

Eldstad, feiing og bustadtilsyn

Installere eller reparere eldstad?

Skal du installere eller reparere eldstad? 

Sjå her korleis du søkjer. 

Feiing og tilsyn

Feiing og tilsyn av bustad

Tidlegare kom vi på bustadtilsyn kvart fjerde år. Ny forskrift om brannførebygging frå 1. januar 2016 seier at kommunen skal feie og føre tilsyn med fyringsanlegg ved behov. Nokre bustadar har behov for feiing oftare enn andre, avhengig av kvalitet på omnen og kor mykje han er i bruk. Difor kan du oppleve at naboen har feiing oftare enn deg. 

Under eit slikt besøk sjekkar vi branntryggleiken og kontrollerer om skorsteinen treng feiing. Du får eit varsel på tekstmelding før besøket. Du må vere heime når vi kjem på tilsyn, men feiinga kan vi gjennomføre utan at du er heime.

Feiing og tilsyn av fritidsbustad/hytte

Den nye forskrifta seier at alle fritidsbustader med eldstad får same krav til branntryggleik som vanlege bustader.

Det betyr at brannvernet skal gjennomføre feiing og tilsyn i alle fritidsbustader med eldstad. Branntekniske krav om røykvarslar og sløkkjeutstyr i kvar etasje vert også gjeldande for fritidsbustader.

Under eit slikt besøk sjekkar vi branntryggleiken og kontrollerer om skorsteinen treng feiing, og utfører feiing ved behov. Nokre bustadar har behov for feiing oftare enn andre, avhengig av kvalitet på omnen og kor mykje han er i bruk. Difor kan du oppleve at naboen har feiing oftare enn deg. 

Du får eit varsel på tekstmelding før besøket. Du må vere på hytta når vi kjem på besøk for tilsyn, men feiinga kan vi gjennomføre utan at du er der.

Dette må du gjere før vi kjem:

  • Ikkje fyr den dagen vi skal feie.
  • Hugs å stengje spjeld og ventilar.
  • Finn fram ei bøtte til sot.
  • Har du peis, kan det vere lurt å hengje eit vått handkle framfor opninga.
  • Legg fram godkjend stige. Stigen må vere i metall.
  • Sjekk at det er stigetrinn, eller trygg tilkomst på taket fram til skorsteinen.

Kvifor feiar vi?

Ein skorstein med mykje sot vil sleppe ut meir CO2 i tillegg til at han vil trekkje dårlegare. Regelmessig feiing av både skorstein og eldstad vil difor vere meir økonomisk, fungere betre og ureine mindre.

Hindrar feiing skorsteinsbrannar?

Det er viktig at feiaren får avdekt om det er beksot i skorsteinen, når han eller ho gjennomfører tilsynet. Skorsteinsbrann oppstår som oftast av beksot. Uheldig fyringsmønster og/eller dårleg isolerte skorsteinar kan føre til beksot. Denne sota er vanskeleg å fjerne, og skorsteinen må gjerne fresast. Dersom det vert avdekt store mengder beksot i skorsteinen, vil vi krevje at det vert utført tiltak. I nokre tilfelle gjev vi fyringsforbod.

Kva kostar feiing og bustadtilsyn?

Avgift for feiing og tilsyn inngår i dei kommunale avgiftene som du betalar kvart år.

Kostnaden for feiing og tilsyn er rekna ut til ein gjennomsnittleg pris per år – slik at du betalar same beløp kvart år, uavhengig om du har hatt feiing og tilsyn det året, eller ikkje.

  • Årsbeløpet for feiing og tilsyn for 2019 er 359 kroner utan mva per bueining. Fritidsbustad reknast som ein bueining, beløpet er likt for alle bustader med registrert eldstad.
  • Tillegg for ekstra skorstein er kr 206 kroner utan mva.

Kontakt oss

Dersom tidspunktet for feiing ikkje passar, kan du gjere ein ny avtale. Bruk telefonnummeret som er oppgitt i varselet. 

Lise S. Midtun, feiermester, Bergen brannvesen.

Glenn Torgersen, feiermester, Bergen brannvesen.

Bustadtilsyn

Før kom vi på bustadtilsyn kvart fjerde år. Ny forskrift om brannførebygging frå 1. januar 2016 seier at kommunen skal feie og føre tilsyn med fyringsanlegg ved behov.

Under eit slikt besøk sjekkar vi branntryggleiken og kontrollerer om skorsteinen treng feiing. Du får eit varsel på sms før besøket. Du må vere heime når vi kjem på tilsyn, slik at du kan vise oss rundt i bustaden.

Dette sjekkar vi:

  • at eldstad og skorstein er intakt og verkar slik dei skal
  • at røykvarslarar og sløkkjeutstyr fungerer, og at det er rømmingsvegar frå bustaden
  • om det er behov for feiing, og om feiar har tilgang til skorsteinen

I tillegg gir vi deg god informasjon og rettleiing på spørsmål om branntryggleik, fyring og fyringsøkonomi.

Dersom tidspunktet for feiing ikkje passar, kan du gjere ein ny avtale. Bruk telefonnummeret som er oppgitt i varselet. 

Har du spørsmål om tilsyn, ta kontakt med

Lise S. Midtun, feiermester, Bergen brannvesen.


Sist oppdatert: 06.05.2019
Publisert: 05.11.2018