HjemBranntryggleik, eldstad og feiingSpørsmål og svar om feiing- og tilsynsavgifta for fritidsbustader

Spørsmål og svar om feiing- og tilsynsavgifta for fritidsbustader

Spørsmål og svar vedkomande feiing, tilsyn og avgift for fritidsbustader.

Mange som har hytte/fritidsbustad i Osterøy kommune vil no oppdage at dei har fått krav på feie -og tilsynsavgift for fyrste gong. 

Kva er bakgrunnen for ordninga? 

Ny Forskrift om brannforebygging fastsett av Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap 17. desember 2015 med hjemmel i lov 14. juni 2002 nr. 20 om vern mot brann, eksplosjon og ulykker med farlig stoff og om brannvesenets redningsoppgaver (brann- og eksplosjonsvernloven).

§ 17 i denne forskrifta seier m.a. fylgjande: «Kommunen skal sørge for at røykkanaler i fyringsanlegg som brukes til oppvarming av byggverk, blir feiet ved behov.» «Kommunen skal sørge for at det ved behov blir utført tilsyn med fyringsanlegg som brukes til oppvarming av byggverk.»

Vert avgifta belasta årleg uavhengig av om feiaren har vore der eller ikkje?

Ja, avgifta vert belasta årleg. Feiing og tilsyn etter behov vil sei at kvart fyringsanlegg må ha ei individuell vurdering, der feiar avgjer kor ofte det skal vera feiing og tilsyn.


Er dette ein ny inntektsskatt til kommunen?

Nei. Feieavgifta er basert på sjølvkost prinsippet, slik at ein betalar ikkje meir enn det kostar for å få levert denne tenesta. (Kontorarbeid,utstyr,tid etc). I Osterøy kommune er det førebels lik pris for feiing for bustad og fritidsbustad. Dette vert evaluert kvart år og godkjent av heradsstyret. Feieavgifta vert fordelt i tre terminar pr. år. NB! Dei som får avgifta for fyrste gong no, får heile beløpet for 2018. Frå 2019 vert det 1/3 kvar termin.


Vil feiing og tilsyn på fritidsbustad medføre at det må monterast trinn/plattform på tak?

§ 6 i forskrift om brannforebygging seier fylgjande: «Etter å ha mottatt varsel om feiing eller tilsyn, skal eieren sørge for at feieren har tilfredstillende atkomst til hele fyringsanlegget». «Tilfredstillende atkomst» og kva eventuelle tiltak som må på plass på den einskilde fritidsbustad vil verta vurdert for kvart tilhøve.


Varsling av feiing og tilsyn

Varsling av feiing og tilsyn vil skje via brev. Varslet vert sendt i god tid før feiing og tilsyn skal utførast. Eigar eller representant for eigar må stille.

Eg har alltid feia skorsteinen på hytta sjølv, kan eg ikkje fortsetja med det å sleppe avgifta?

Då feiing av fritidsbustader har vorte ein lovpålagt oppgåve for kommunen, er det naudsynt at me utfører dette arbeidet. Det er dermed ikkje tilstrekkeleg at du sjølv feiar skorsteinen. Me skal òg vurdera branntryggleiken i fritidsbustaden(Røykvarslar, sløkkjemiddel, rømmingsveg etc.).


Kva gjer eg dersom eg har fått avgift og min fritidsbustad ikkje har eldstad?

Då ber me om at du skriftleg stadfestar dette på e-post til post@osteroy.kommune.no eller pr. post til

Osterøy kommune, feiing og tilsyn, Geitaryggen 8, 5282 Lonevåg.

Me treng at du oppgjev gards- og bruksnummer evt.festenummer og adresse på eigedommen, samt namn og evt. mobiltelefonnummer.

Kontakt oss

Har du spørsmål som ikkje er nevnt her, ta kontakt med 

Servicekontoret

Lise S. Midtun, feiermester, Bergen brannvesen.

Glenn Torgersen, feiermester, Bergen brannvesen.


Sist oppdatert: 13.08.2020
Publisert: 27.11.2018