Kvalifiseringsprogrammet

Kvalifiseringsprogrammet er eit tilbod til personar som treng opplæring og arbeidstrening for å komme i arbeid og aktivitet, og som har behov for individuell oppfølging og hjelp på vegen.

Trykk her for å gå til NAV sine sider om kvalifiseringsprogrammet for deg som ønskjer å kome i arbeid.

Slik søkjer du

Ta kontakt med ditt NAV-kontor for å avklare om du har rett til å delta i kvalifiseringsprogrammet. 

Etter kartleggjing, gjer NAV eit vedtak.

Klage på vedtak

I vedtaket får du informasjon om korleis du klagar. Klagen må innehalde grunngjeving for klagen og eventuelle nye opplysningar og dokumentasjon. Send klagen til NAV-kontoret.

Kven kan få tilbodet?
  • du er i yrkesaktiv alder og har eit ønskje om å kome i arbeid
  • du har nedsett arbeid- og inntektsevne
  • du mottar ingen eller svært avgrensa bidrag i form av trygd
  • du har eit ønske om å kome i arbeid eller aktivitet
  • du har behov for og kan nyttiggjere deg av tett individuell oppfølging
Kva tibyr vi? 

Du og din rettleiar samarbeider for å finne ut kva slags hjelp du treng for å kome i arbeid. Saman utarbeider de eit program som skal innehalde arbeidsretta tiltak og arbeidssøking. Vi kan også ta i bruk andre tiltak som kan være med på å støtte opp om og gjere deg klar til arbeid. Du får ansvaret for å følgje opp programmet i samarbeid med rettleiaren din på NAV-kontoret.

Kvalifiseringsprogrammet er på fulltid, 37,5 timer i veka. Som inntekt får du kvalifiseringsstønad tilsvarande to gonger grunnbeløpet til Folketrygda. Deltakarar under 25 år får 2/3 stønad. Stønaden er skattepliktig. Du kan også få barnetillegg.

Trykk her for å lese meir om Folketrygda sitt grunnbeløp.

Kontakt oss

På www.nav.no kan du finne opplysningar om kva moglegheiter og rettar du har, og søknadsskjema til dei statlege ordningane. På tlf 55 55 33 33 kan du spørje nærare om dette, eller kontakte pensjonstelefonen 55 55 33 34 dersom spørsmåla dine gjeld pensjon.

Kontoradresse

NAV Osterøy, Geitaryggen 8, 5282 Lonevåg

Telefonnummer

55 55 33 33 i mellom klokka 09.00 og 15.00

Opningstid

NAV Osterøy har ope mottak tysdag og torsdag mellom klokka 10.00 og 11.00. Det kan avtalast møte utanfor opningstida. 

E-postadresse

Kontakt oss via Ditt NAV på www.nav.no


Sist oppdatert: 26.09.2022
Publisert: 23.11.2018