Søkje tryggleiksalarm

Har du behov for å kunne tilkalla rask hjelp frå Heimetenesta, kan du søkja om tryggleiksalarm. Tryggleiksalarmen er tilknytt ein vaktsentral, som vidareformidlar kontakt  til Heimetenesta. Personale frå Heimetenesta rykkjer ut heile døgnet, ved alarm.

Slik søkjer du

Trykk her for å laste ned søknadsskjemaet for helse- og omsorgstenester

I søknaden må du skildre behovet ditt og grunngje kvifor du søkjer.

Sidan søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å sende søknaden på e-post. Lever søknaden og vedlegga på rådhuset i Lonevåg eller send dei til:

Osterøy kommune
Helse, omsorg og sosial
Geitaryggen 8
5282 Lonevåg

Kva skjer vidare?

  • Vi vurderer søknaden din, og finn det tilbodet som passar best for deg.
  • Vi tar kontakt med deg dersom vi treng fleire opplysningar eller ønskjer å besøke deg.
  • Vi prøver å svare deg innan fire veker. Dersom vi ikkje klarer det, tar vi kontakt med deg og fortel kor lang tid det vil ta før du får svaret.

Søknadsfrist

Det er ikkje søknadsfrist. Vi behandlar alle søknadane etter kvart som dei kjem inn til oss.

Kva kostar det?

Sjå oversikt over prisar her.

Kva får du?

  • du får tryggleiksskapande teknologi som er tilpassa deg og dine behov
  • du får opplæring og informasjon
  • du blir meir sjølvstendig og mindre avhengig av andre
  • du kjem raskt i kontakt med helsepersonell

Krav til søkjar

  • du må bu i Osterøy kommune
  • du treng hjelp for å kjenne deg trygg heime
  • du kan ha behov for å tilkalle hjelp på grunn av fallfare
  • du kan ha behov for å tilkalle hjelp i naudssituasjonar
  • du må ha tilgang til mobilt nett eller fiber

Kontakt oss

Har du spørsmål om tenesta, ta kontakt med forvaltningskontoret

Telefon:

Telefontid kvar dag kl. 10.00-14.00.

Anette Knutsen

  • Telefon: 945 39 393

Hanne Bernes Øvsthus

  • Telefon: 409 12 114

Hugs at det ikkje er trygt å sende informasjon om helsetilstand eller andre sensitive opplysningar på e-post.

Klage på vedtak

Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak eller tilbodet du får.


Sist oppdatert: 10.01.2022
Publisert: 21.11.2018