HjemHelse, omsorg og sosialHelsehjelpMisbruk, vald og seksuelle overgrep

Misbruk, vald og seksuelle overgrep

Krisesenter og legevakt

Det finst fleire du kan ta kontakt med om du treng hjelp:

Kontaktinformasjon

  • Krisesenteret i Bergen: Ring 55 31 50 50
  • Valdtektsmottaket til Bergen legevakt: Ring 55 56 87 60
  • Telefon for incest- og seksuelt misbrukte og deira pårørande: ring 800 57 000
  • SMISO Hordaland: Ring 55 90 49 90

Du kan også lese meir på dinutvei.no

Kva kostar det?

Tilboda er gratis.

Kva hjelp får du?

Krisesenteret i Bergen tilbyr mellom anna:

  • nokon å snakke med
  • informasjon om rettar, råd og rettleiing på telefon eller ved oppmøte
  • hjelp til å få kontakt med lege, advokat, politi eller andre
  • ein trygg og mellombels bustad

Trykk her for å lese meir om krisesenter.

Valdtektsmottaket ved Bergen legevakt tilbyr:

  • medisinsk undersøking og informasjon
  • rettsmedisinsk undersøking og innsamling av bevismateriale
  • støttesamtalar og kriserettleiing
  • ein trygg stad å overnatte
  • kontakt med bistandsadvokat - alle som har vore utsett for seksuelle overgrep har rett til gratis advokathjelp
  • deltaking i samtalegruppe

Valdtektsmottaket er et tilbod til både kvinner og menn som har vore utsett for seksuelle overgrep.

Barn under 15 år som har vore utsett for seksuelle overgrep, blir vist til Barneklinikken på Haukeland sjukehus, for nødvendige undersøkingar og hjelp.

Konsultasjonsteam om vald og seksuelle overgrep

Konsultasjonsteamet er ei tverretatleg samansett gruppe som gjev råd og rettleiing i sakar som gjeld vald og seksuelle overgrep.

Les meir om konsultasjonsteamet, og sjå deira møteplan. 

Les meir


Sist oppdatert: 16.06.2023
Publisert: 27.11.2018