Tannhelse og tannlege
Offentlege tannklinikkar i Osterøy kommune
Tannklinikken Osterøy
- Telefon 56192070
- E-post: post.oster@vlfk.no
Besøksadresse
Solbjørgsdalen 12
5282 Lonevåg
Kven kan få offentleg tannbehandling?
Den offentlege tannhelsetenesta har ansvar for barn og unge t.o.m. året dei fyller 20 år. I tillegg behandlar vi psykisk utviklingshemma og pasientar i institusjon og heimesjukepleie.
- Born og ungdom frå 0 – 18 år (Dette gjeld tom. ut kalenderåret dei fyller 18 år.)
- Psykisk utviklingshemma i og utanfor institusjon.
- Personar i institusjon og heimesjukepleie. Dette under føresetnad av at ein har budd i institusjon i 3 månadar eller meir, eller har motteke heimesjukepleie minimum 1 gong per veke i 3 månadar eller meir. Merk at loven gjeld både for psykiatriske og somatiske pasientar.
- Ungdom som fyller 19 og 20 år i behandlingsåret betalar 25 % av takstar fastsett av departementet. Merk, dette gjeld tom. ut kalenderåret dei fyller 20 år. Fom. det året dei fyller 21 år må dei betale takstar som vaksne betalande pasientar, fastsett av Tannhelsetenesta i Hordaland.
Tannlegevakt
Tannlegevakten i Bergen tilbyr akutt tannlegetime for innbyggjarar på Osterøy. Tannlegevakt vert brukt ved akutt behov for tannlege utanom ordinære opningstider, som i helger, under høgtider og på heilegdagar.
Kontakt: Telefon: 57 30 31 00
For meir informasjon og opningstider trykk på lenka under.
Private tannklinikkar i Osterøy kommune
Osterøy tannlegesenter
Klikk her for å gå til heimesida.
Tannklinikken på Valestrand
Klikk her for å gå til heimesida.
Tannklinikken Fotlandsvåg
- Telefon 56 39 51 23
Besøksadresse
Fotland
5283 Fotlandsvåg
Sist oppdatert:
01.02.2024
Publisert:
01.11.2018