Borgarleg vigsel

Ønskjer du ein borgarleg vigsel? 

Ta kontakt med innbyggarservice

Før du tar kontakt med kommunen

Før de giftar dykk, må Skatteetaten sjekke om de oppfyller krava til ekteskap.

Trykk her for å gå til Skatteetaten sin rettleiar for vegen til ekteskapet.

På heimesida til Skatteetaten kan de fylle ut dei skjema som skal til for at Skatteetaten kan sende ein såkalla «prøvingsattest» i retur til dykk.

Det er viktig å merke seg at:

  • Prøvingsattesten er gyldig i fire månader og må vere gyldig den dagen de skal gifte dykk.
  • De må sende den orginale prøvingsattesten til oss, ikkje ein kopi.
  • Prøvingsattesten sender de til Osterøy kommune, Postboks 1, 5293 Lonevåg. Merk brevet med «vigsel». De kan også levere attesten på servicekontoret i rådhuset i Osterøy.
Slik bestiller du tid

Når vi har fått den gyldige prøvingsattesten, kan de avtale tid for vigsel med oss.

Dette gjer du ved å fylla ut skjema for bestilling av vigsel.

Vi vil opne for vigslar alle dagar i veka.

Kva kostar det?

Tilbudet er gratis for deg som er innbygger i kommunen du vil gifte deg i. 

Korleis foregår seremonien?

Kommunen gjev deg tilbod om eit høveleg lokale og om kva tidspunkt dei kan tilby vigsel. 

Paret med følgje må møte opp i god tid før avtalt tid for vigsel.

Brudepar må vise legitimasjon før seremonien startar. Vi godtar gyldig pass, eller norske førarkort og bankkort med bilde og personnummer. Asylsøkjarbevis vert ikkje godteke som legitimasjon.

Det skal vere to vitne til stades under seremonien. Dette er vanlegvis forlovarane, men det kan også vere to andre myndige personar.

Seremonien varer i 10-15 minutt. Ein folkevalt, eller ein tilsett i kommunen, står for vigselen. De blir vist inn i seremonirommet saman med gjestene. Sjølve vigselen skjer ved at vigslaren les ein fastsett tekst for borgarleg vigsel. Deretter blir de spurde om de vil ha kvarandre til ektefellar. Så erklærer vigslaren dykk som ektefolk.

Det er anledning til å sette på ringar under seremonien. Vennlegast gi beskjed om dette til vigslaren før seremonien startar. Desse tek de på når vigslaren har erklært dykk for ektefolk.

Til slutt underskriv de, vitna og vigslaren vigselsprotokollen.

Kven står for vigselen?

Våre godkjente vigslarar er:

  • Ordførar Lars Fjeldstad
  • Varaordførar Hjalti Heimir Gislason
Kva skjer etter vigsel?

Kommunen sender ei vigselmelding til Folkeregisteret innan tre dagar etter vigselen. Samstundes får de ein kopi. Han fungerer som midlertidig vigselattest inntil de får den endelege i posten frå Folkeregisteret. 

Språk

Det kan på førehand avtale at vigselen skal foregå på engelsk. Dersom paret verken forstår norsk eller engelsk, må paret sjølv ta med seg ein kvalifisert tolk.

Kjønnsnøytral ekteskapslov

1. januar 2009 fekk Noreg kjønnsnøytral ekteskapslov. Dette inneber at personar av same kjønn kan inngå ekteskap. Tidlegare inngått partnarskap kan omgjerast til ekteskap ved søknad til folkeregisteret.


Sist oppdatert: 29.06.2023
Publisert: 08.11.2018