HjemNatur, kultur, ferie og fritidDin rett til miljøinformasjon

Din rett til miljøinformasjon

Rett til miljøinformasjon

Miljøinformasjonslova gir alle innbyggjarar rett til å spørje både private og offentlege verksemder om forhold som verkar inn på miljøet. 

Målet med lova er å setje deg som innbyggjar i stand til å

  • bidra til vern av miljøet
  • beskytte deg mot helse- og miljøskade
  • påverke offentlege og private aktørar i sentrale miljøspørsmål

Trykk her for å lese meir om Miljøinformasjonslova på heimesida til Miljødirektoratet.  

Kva kan du spørje om?

Du kan spørje om alt frå utslepp til produkt vi brukar i kommunen. Ved større utbyggingsprosjekt i nærområdet ditt, kan du spørje oss om korleis eventuell støy og luftforureining kan påverke helsa di og miljøet.

Kven skal svare deg?

Du kan spørje både private og offentlege verksemder. Alle avdelingar i kommunen har ansvar for å bidra til eit betre miljø.

Har du spørsmål til nokon i Osterøy kommune? Ring servicekontoret vårt på telefonnummer 56 19 21 00, så set vi deg i kontakt med rett avdeling i kommunen.

Når kan du vente eit svar?

Du skal få ei svar så snart som mogleg, seinast innan 15 dagar.

Klage

Meiner du at Osterøy kommune har brote Miljøinformasjonslova, kan du klage til Statsforvaltaren i Vestland. Du kan både klage dersom du ikkje har fått svar, og dersom du ikkje er nøgd med svaret.

Vil du klage på ei privat verksemd, er det klagenemnda for miljøinformasjon som skal ha klagen din. Trykk her for å lese meir om klagenemnda.

 

 


Sist oppdatert: 01.06.2023
Publisert: 27.11.2018