Seksjonering og reseksjonering

Seksjonering er å dele ein eigedom slik at eigarane får einerett til å bruke bestemte delar av eigedomen. 

Ein eigarseksjon er ein sameigepart i ein utbygd eigedom, der eigaren har einerett til bruk av ein bestemt del av eigedomen (brukseining).

Ein eigarseksjon vil vere ei eiga juridisk eining som kan omsetjast og lånast på, uavhengig av resten av eigedommen eller brukseiningane. Eigarseksjonar eignar seg blant anna for oppdeling av bustadblokker og horisontaldelte to- og firemannsbustader.

Reseksjonering er endring av ein seksjonert eigedom.

Dersom sameigarane i eit eigarseksjonssameige ynskjer å endre fordelinga av areal, eller gjere andre bruksendringar i eigedommen etter at eigendommen er seksjonert, kan dei reseksjonere. Reseksjonering er aktuelt for eksempel dersom to leilegheiter skal slåast saman, eller eit kontorlokale skal gjerast om til ei leilegheit, eller ved omfordeling av parkeringsplasser, boder og liknande.

Slik søkjer du

Send inn orginal søknadsskjema pr post til  

Osterøy kommune
Geitaryggen 8
5282 Lonevåg

Kva kostar det?

Trykk her for oversikt over prisar.

Krav til søkjar

  • Det må knytast einerett til bruk av brukseininga
  • Du må lage ein sameigebrøk for kvar seksjon
  • Brukseininga sin hovuddel må vere ein klart avgrensa og samanhengande del av ein bygning på eigedommen
  • Dersom det er fleire brukseiningar på eigedommen, må alle vere del av seksjoneringa
  • Du kan berre søkje for éin grunneigedom
  • Den seksjonerte bustaden må vere ein lovleg bustad etter reglane i plan- og bygningslova
  • Det må vere mogleg å opprette parkeringsplass.
  • Du må oppgi om eininga skal brukast til bustad eller næring.

For eksisterande bygningar må pålagte bygningsmessige tiltak vere gjennomført før seksjonering eller reseksjonering kan skje.

Kva skjer vidare? 

Søknaden vert behandla av kommunen. Det vert fatta eit eige vedtak til seksjonering med heimel i eigarseksjonslova. Vedtak vert sendt rekvirent.

Seksjoneringa vert ført i matrikkelen, og kommunen sender melding til tinglysinga med tilhøyrande dokument. Når tinglysing er gjennomført, sender kommunen ut matrikkelbrev og tinglyst dokument til rekvirent.

Oppheving av seksjonering

Dersom ein ikkje lenger ønskjer at ein eigedom skal vere seksjonert, kan heimelshavar søkje om oppheving av seksjoneringa.

Kva seier lova?

Eigarseksjonslova

Kontakt oss

Har du spørsmål, eller treng rettleiing, ta kontakt med byggjesaksavdelinga


Sist oppdatert: 24.01.2019
Publisert: 20.11.2018