Byggjegrense til offentleg veg

Når du byggjer, skal minsteavstanden til midten av ein kommunal veg vere minst 15 meter. Minsteavstanden til midten av ein riksveg og fylkesveg skal vere 50 meter.

Denne artikkelen handlar om den kommunale byggjegrensa som i hovudsak gjeld bygg, men også hekkar, buskar, gjerde og anna som hindrar sikt.

Trykk her for å laste ned ein rettleiar om byggjegrense til riks- eller fylkesveg. 

Kva kan du søkje om?

I kommunen behandlar vi søknadar om:

  • dispensasjon byggjegrensa på 15 meter
  • dispensasjon fra byggegrenser fastsett i kommuneplanen sin arealdel eller i reguleringsplan (kun mindre vesentlige endringer)
  • løyve til graving gjennom kommunal veg eller langs vegen
  • løyve til å strekkje leidning over eller langs veg

Vi kan gi pålegg om å fjerne vegetasjon på privat eiendom langs kommunal veg.

Kven skal behandle søknaden din?

Ønskjer du å byggje noko innanfor 15-metersgrensa, må du søkje om dispensasjon frå byggjegrense mot veg.

Kva du søkjer om, avgjer kva avdeling i kommunen du skal rette søknaden din til:

  • i område utan reguleringsplan blir søknad behandla av vegavdelinga
  • i regulerte område blir søknaden behandla av byggjesaksavdelinga
  • ønskjer du å plassere noko nærare enn fire meter frå det offentlege leidningsnettet, må du søkje vass- og avløpsavdelinga i kommunen om dispensasjon frå kravet til avstand

Når du fyller ut søknadsskjema må du krysse av for om du skal byggje i eit regulert eller uregulert område. Fører søknaden din til etablering, endring eller utvida bruk av eksisterande avkøyring, må du i tillegg søkje om løyve til dette.

Trykk her for å lese meir om avkøyring frå kommunal veg.

Slik søkjer du

  1. Trykk her for å laste ned og fylle ut søknadsskjema for dispensasjon mot byggjegrense
  2. Legg ved eit brev der du skildrar tiltaket, altså det du skal byggje eller endre
  3. Legg ved eit situasjonskart i målestokk 1:500, der du teiknar inn og visar avstanden mellom vegen og det du skal byggje eller endre. Dersom tiltaket kjem i konflikt med kravet til avstand frå offentleg leidningsnett, må du bruke eit kart som visar vass- og avløpsnettet til Osterøy kommune.

Søknaden sender du på e-post til post@osteroy.kommune.no

Du kan også sende søknaden med posten til: 

Osterøy kommune
Geitaryggen 8
5282 Lonevåg

Treng du hjelp til å finne dei rette karta?

Ta kontakt med Servicekontoret vårt på telefon 56 19 21 00 eller på e-post til post@osteroy.kommune.no.

Slik klagar du

Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak.

Kontakt oss

Har du spørsmål, eller treng rettleiing, ta kontakt med byggjesaksavdelinga


Sist oppdatert: 24.01.2019
Publisert: 16.11.2018