For folkevalde

Møteportalen

Gå til møteportalen for politikarar.

Generell informasjon 

Informasjonsbrev til folkevalde

Forfall

Automatisk innkalling av vara – testordning


Etter det konstituerande møtet i heradsstyret kjem me til å teste ei ordning med automatisk innkalling av vara til møte i dei politiske utvala.

Ordninga fungerer ved at du melder forfall ved å trykke på ei lenkje i ein e-post, som vert send i samband med innkallinga. Då sendast ein automatisk SMS til første vara på lista. Vararepresentanten vil få ein SMS som spør om han ønskjer å stille som vara til det aktuelle møtet. På denne meldinga må du svare enten JA eller NEI til spørsmålet om du kan stille som vara. Dersom du svarar nei, vil meldinga verte send til neste vara på lista.

Forfallet må grunngjevast.

Melde forfall til delar av møtet eller ved ugildskap/inhabilitet I tillegg kan du krysse av for om forfallet gjeld for heile møtet, eller delar av møtet (tidsbestemt) eller ved mogleg ugildskap/inhabilitet. Når det gjeld mogleg ugildskap, må du skrive inn saksnummer for den aktuelle saka.

Sekretariatet vil få beskjed når behovet for vara er dekka. Meldingane vert lagra ei viss tid, slik at sekretariatet vil kunne følgje med på meldingsloggen. Dersom du har meldt forfall til møtet, men finn ut at du likevel kan stille, må du melde frå om dette til sekretariatet.

Dersom du treng hjelp eller har spørsmål til ordninga, ta kontakt med sekretariatet.

Habilitet

Her kan du lese habilitetsreglementet.

Innsynsrett

Her kan du lese innsynsreglementet for folkevalde.

Godtgjersle til folkevalde

Forskrift om godtgjersle for folkevalde 2019 - 2023

Reglement for godtgjersle for folkevalde 2015 -2019.

Reglement for utval 

Reglement for heradsstyret

Reglement for formannskapet

Reglement for plan- og kommunalteknisk utval 

Reglement for eldrerådet 

Reglement for rådet for menneske med nedsett funksjonsevne 

Reglement for kontrollutvalet

Reglement for delegering politisk nivå

Delegering til rådmannen

Her kan du lese reglementet for delegering til rådmannen.

Kommunen sin økonomiske styring

Les om  hovudreglane for kommunen sin økonomiske styring i økonomireglementet.


Sist oppdatert: 08.01.2020
Publisert: 01.11.2018