HjemPolitikk og høyringarSlik kan du påverke politisk

Slik kan du påverke politisk

Innbyggjarinitiativ

Gjennom å samla underskrifter har du som innbyggjar i ein kommune eller eit fylke rett til å setja ei sak på den politiske dagsorden. Du har imidlertid ikkje krav på eit bestemt utfall i saka.

Slik startar du

Gå til www.minsak.no  og foreslå saker du meiner vil gjere din kommune eller fylkeskommune betre.

Kven kan foreslå saker?

Du må bu i den kommunen eller det fylket saken gjeld for å foreslå eller skriva under på ei sak. Ungdom under 18 år kan og foreslå saker.

Kor mange underskrifter treng du?

Du må samla underskrifter frå minst to prosent av innbyggjarane, eller minimum 300 underskrifter dersom kommunen din har mer enn 15000 innbyggere. I fylkeskommunen er det nok med underskrifter frå 500 av innbyggjarane i fylket.

Kva kan du fremja forslag om?

Du kan fremja saker som gjeld kommunens eller fylkeskommunens verksemd. I praksis inneber dette oppgåver som kommunen eller fylkeskommunen er engasjert i, både lovpålagte og frivillige oppgåver. Det er dermed snakk om et vidt spekter av saker.

Kva kan du ikkje fremja forslag om?

  • Saker som alt er behandla av kommunestyret (eller fylkestinget) i løpet av valperioden.
  • Saker med same innhald som eit tidligare innbyggjarinitiativ.

Dette betyr ikkje at det forbode å fremja ”den same” saka i løpet av éin og same valperiode, eller at kommunestyret eller fylkestinget ikkje har lov til å behandle saka. Kommunestyret eller fylkestinget kan velja å behandle ei sak som har blitt behandla før, men initiativtakarane kan ikkje gjera krav på dette.

Når må saka behandlast?

Kommunestyret eller fylkestinget skal ta stilling til saken seinast seks månader etter at den har fått nok underskrifter. Det er eitt unntak frå denne fristen. Seksmånadersfristen gjeld ikkje om saka blir vist til behandling i samband med ei pågåande plansak etter plan- og bygningslova.

Kor lenge kan ei sak bli liggjande?

Saker som ikkje har nok underskrifter etter 12 månader, blir sletta fra minsak.no.

Meir informasjon om innbyggjarinitiativ:

Veileder om innbyggerinitiativ

Kommneloven § 39a Innbyggerinitiativ

 

Spørjetime i heradsstyret

Heradsstyret har innført spørjetime i starten av møta. Alle som bur i kommunen kan nytta ordninga og spørsmåla kan stillast munnleg eller skriftleg. Frist for innmelding av spørsmål er måndag i møteveka.

Sjå reglement for ordninga.

Kontakt politikarar og parti

Sjå kontaktinformasjon til folkevalde og parti her. 

Meld inn spørsmål

Kontakt politisk- administrativ sekretariat for å melde inn spørsmål: 

Runar Ludvigsen, rådgjevar

  • Telefon: 56 19 21 36
  • E-post: runar.ludvigsen@osteroy.kommune.no

 


Sist oppdatert: 13.09.2021
Publisert: 01.11.2018