HjemSkatt, næring og landbrukServerings-, sals- og skjenkeløyveSøkje skjenkeløyve for opne og lukka arrangement

Søkje skjenkeløyve for opne og lukka arrangement

Når må du søkje om skjenkeløyve for arrangement?

Du må søkje om skjenkeløyve dersom:

  • du leiger lokalet, tar betalt for alkoholhaldig drikk eller når lokalet berre har serveringsløyve
  • du skal ha et arrangement som er ope for publikum, i lokale uten skjenkeløyve eller utandørs på eit avgrensa område

Du treng ikkje å søkje skjenkeløyve dersom:

  • du har eit lukka selskap med gjester du har ei tilknytning til og alkoholhaldig drikk vert servert utan vederlag (utan å teke betalt for det). Til dømes er ei privat samling av menneske i eit lokale for ei spesiell anledning, som bryllup, bursdag, konfirmasjon, eller jubileum. Deltakarane må ha ei tilknyting til dei som inviterer til selskapet. 

Ambulerande løyve: Du skal servere alkoholhaldig drikk og teke betalt for det i eit lukka selskap (bryllup, jubileum m.v.). Det skal altså vere eit spesielt selskap for spesielt inviterte som har ein tilknytning til kvarandre. Selskapet kan ikkje vere opent for "kven som helst". Klubbar, medlemsmøte og liknande reknast ikkje som lukka selskap. Les meir her

Enkeltarrangement: Du har eit arrangement kor kven som helst kan melde seg på eller komme utan påmelding, kor det skal serverast alkoholhaldig drikk mot betaling. Det har ikkje noko å seie om arrangementet er opent eller lukka.

 

Slik søkjer du 

Du må søkje i god tid, minst 3 veker før arrangementet.

Du søkjer skjenkeløyve elektronisk.

Klikk her for å komme til søknadsskjema.

NB! Politiet har gitt melding om at dei ønskjer at varsel om arrangement til politiet vert sendt direkte til dei frå arrangør. Søknadskjema finn du her: Arrangementer – Politiet.no

Vi arbeidar for tida med oppdatering av vårt søknadsskjema og vil då få inn ein slags stadfesting av at dette er sendt til politiet i vårt søknadsskjema. Enn så lenge er det difor fint om det kan verte notert i skjemaet om de sjølv har ordna med varsling til politiet, så får ikkje politiet dobbelt opp.

 

Kva kostar det?

Tildelt ambulerande løyve (gitt etter alkohollova § 4-5). Gebyrsatsen for løyvet er kr 390,- (lukka selskap).

I medhald av alkoholforskrifta § 6-2 er det fastsett slike gebyr:

  • kr 1550,- for arrangement der forventa omsetnad etter satsane i forskrift av 08.06.05 ville gitt eit gebyr på inntil 500,
  • kr 2500,- for arrangement der forventa omsetnad etter satsane i forskrift av 08.06.05 ville gitt eit gebyr mellom kr 500,- og 1000,-.
  • kr 4000,- for arrangement der forventa omsetnad etter satsane i forskrift av 08.06.05 ville gitt eit gebyr på over kr 1000,-.

Betalingssatsane pr. liter omsett alkohol blir endra i samsvar med dei til ei kvar tid fastsette satsar i forskrifter gjeve av departementet.

NB! Prisen kan verte endra og vil heile tiden følgje helsedirektoratets forskrift og alkoholforskriften.

Krav til søkjar

Du som søkjer må vere over 20 år

Dersom søkjar ikkje skal vera ansvarleg for skjenkinga, må du skrive kven som skal vere ansvarleg. Skjenkeansvarlig må vere over 20 år. Skal du ha ein avløysar for skjenkeansvarleg, må han eller ho også vere over 20 år. Det er ikkje nødvendig med avløysar på mindre arrangement.

Skjenketider

Til løyvet er det knytt fastsatt skjenketid. 

Det er høve til å søkja om utvida skjenketid.

Skjenketidene er i samsvar med Alkohollova.

For meir informasjon, sjå Alkoholpolitisk handlingsplan for Osterøy kommune 2020-2024. 

Korleis får du svar på søknaden?

Svaret med vedtak vert sendt via brev, saman med faktura.  

Når får du svar på søknaden?

Vi behandlar søknaden din innan to veker.

Slik klagar du

Klagen sender du til 

Osterøy kommune
Geitaryggen 8
5282 Lonevåg

eller pr e-post til 

post@osteroy.kommune.no

Kontakt oss

Har du spørsmål, ta kontakt med

Servicekontoret


Sist oppdatert: 22.02.2024
Publisert: 13.11.2018