HeimSkule og utdanningAktivitet og møteplassar

Aktivitet og møteplassar

Den kulturelle skulesekken 

Osterøy kommune får årlege tilskott frå Hordaland fylkeskommune til Den kulturelle skulesekken (DKS). I tillegg arrangerer Hordaland fylkeskommune ulike turnear til skulane rundt omkring i Hordaland. DKS skal bidra til profesjonelle kunst- og kulturopplevingar for elevar i grunnskulen. Som kommune ønskjer vi å leggje til rette for ulike typar tilbod på ulike kulturarena og i skulane.

Elevar og skular skal gjennom ordninga få oppleve, gjere seg kjent med og utvikle ei forståing for profesjonell kunst- og kulturuttrykk av alle slag. Kulturtilboda skal være av høg kvalitet og vise heile breden av kulturuttrykk:

  • Scenekunst
  • Visuell kunst
  • Musikk
  • Film
  • Litteratur

Kva skjer i Osterøy kommune? 

Trykk her for å sjå kva som skjer i Osterøy kommune

 

Kontakt oss:

Astrid Brandal Øvsthus

 Planar: 

Plan for Den Kulturelle Skulesekken i Osterøy kommune

 

 Osterøy kulturskule

Les meir om Osterøy kulturskule her.

Lag og organisasjonar

Se oversikt over lag og organisasjonar i kommunen her.

Språkkafè

Biblioteket har saman med Osterøy integrering- og læringssenter språkkafè jamleg gjennom skuleåret. 

Gå til facebooksida for meir informasjon.

Osterøy-ven

«Osterøy-ven»  eit prosjekt der deltakarane inngår ein gjensidig, kortsiktig avtale om å møtast eit viss tal gonger i løpet av 3 månader. Dersom det skulle vise seg at partane ikkje trivst saman, tar ein kontakt med ein av dei ansvarlege. Det er mogleg å bli løyst frå avtalen.

Kor mange gonger ein skal møtast, eller kor ofte, er opp til deltakarane, men vi ynskjer at det skal vere eit minimum på ein gong annakvar veke.

Korleis ein ynskjer å møtast, er opp til deltakarane. Det kan vere på fotballtrening, handarbeidskafé, på biblioteket, på småbarnstreff, ute på tur, i private heimar, eller kva som måtte passe.

Slik blir du Osterøy-ven

Kontakt integrerings- og læringssenteret viss du har spørsmål og vil melde deg som Osterøy-ven

Krav til deg

  • passar for deg som ynskjer å bu i eit godt og trygt lokalsamfunn der alle kan kjenne at dei høyrer til og er godt integrerte
  • norsk eller framanspråkleg bakgrunn

Osterøy-ven er eit «vinn-vinn» prosjekt som gir alle deltakarane høve til å lære noko nytt om kultur, språk, likskap og skilnad. Personlege møter er viktig for lokalsamfunnet, og vi veit at alle tener på gode nettverk. 

Språkkaféen på biblioteket i Lonevåg kan vere ein god møtestad i starten, der ein òg kan få råd og tips dersom ein er usikker på korleis ein skal kome i gang.

Gjerstad sokn vil saman med Osterøy integrerings- og læringssenter gjere jobben som koordinatorar og kople einskildpersonar eller grupper saman basert på mellom anna interesser, språkkunnskap og personlege eigenskapar.


Sist oppdatert: 17.09.2019
Publisert: 02.11.2018