DSC01220_rev1

Innspel til masseplanen

Realiseringa av ny jernbane og ny E16 (K5) Arna-Stanghelle gir nye moglegheiter, men og utfordringar knytt til td. massehandsaming. Prosjektet gjev overskotsmassar på rundt 20mill m3. K5 prosjektet opnar for endringar og omfordeling i arealbruken i Bergensregionen. Kort avstand til Osterøy vil gi gode moglegheiter for kortreiste massar og samfunnsnyttig bruk av desse. Kommunen ynskjer difor innspel om samfunnsnyttig bruk av desse massane

Det skal utarbeidast ein temaplan for moglege område for lokalisering av masser. Difor ynskjer ein å få innspel om kvar og korleis ein kan nytte desse massane til samfunnsnyttige føremål.

Det er sett ned nokre premiss for innspela:

1.  Innspelet må vera ved eller i nærleiken til infrastruktur som kan tole større køyretøy. Dette vil i hovudsak sei at det er mest aktuelt med lokalitetar i nærleik til fylkesveg. Høgareliggande og utilgjengelege områder som vil krevje nye infrastrukturtiltak vil ikkje verta vurdert.

2.  Lokalitetane må kunna ta i mot eit større volum med masser. Vi har ikkje talfesta noko minstekrav men det vil vera snakk om at ulike lokalitetar må kunne ta i mot mange tusen kubikkmeter masse. Ettersom massane kjem frå eit vegprosjekt må det vera enklast mogleg logistikk og mest effektivt i høve til å ta vekk masser etterkvart som desse skal fjernast frå anlegget. Dette betyr få og større lokalitetar for deponering. Utfylling til enkelttomter eller mindre areal vil ikkje verta vurdert.

3. Lokalitetane må ha ein samfunnsnytte. Det vil sei at ein ikkje ynskjer innspel på deponering av masser men områder der ein kan nytte massane til byggeområder, landbruksareal, skogsbilveg og liknande. Det betyr at innspela må vera mogleg å realisera.

Alle innspel vil verta vurdert opp mot aktuelle omsyn som kulturminner, naturmangfald, samfunnsnytte og klimaverknad.

Allle innspel skal fyllast i skjema som ligg vedlagt under (Kjem snart) og merkast av på kart.

Innspel må sendast til kommunen innan 30. desember.

Innspela skal sendast til post@osteroy.kommune.no eller til Osterøy kommune, Rådhusplassen, 5282 Lonevåg og merkast "innspel masseplan".

Desom det er spørsmål er det berre å ta kontakt med Planavd. v/Jostein Klette på telefon 56192171.

SKJEMA FOR INNSPEL

 

Web levert av CustomPublish