Eining integrering og bustad

Det er oppretta ei ny eining i stab som skal

  • sikre at integrering av flyktningar vert ei tverrfagleg oppgåve
  • Koordinere  samarbeid mellom frivilige orgaisasjonar og kommunale tenester.
  • Ansvar for bustadforvaltninga.

Sikre at integrering av flyktningar vert ei tverrfagleg oppgåve

Osterøy kommune ønskjer at dei busette flyktningane i størst mogleg grad skal bruke dei kommunale teneste på lik linje med andre innbyggarar i kommuen. Vi har tru på at dette er ein god måte å sikre god integrering. Målet er at dei skal verte sjølvhjulpne så fort som råd. Flyktningane har rett og plikt til eit introduksjonsprogram som går over to år. Introprogrammet skal sikre at dei lærer seg norsk og samfunnsfag og får kunnskap om korleis det er å bu i Noreg og på Osterøy.

Erfaring så langt er at flyktningane er tatt godt imot av mange tenester og vi ønskjer fortsatt godt samarbeid om integreringa.

Introveileder

Introveileder har ansvar for introprogrammet i tett samarbeid med Vaksenopplæringa, miljøterapeut og NAV. Introveileder er sakshandsamar for introduksjonsstønaden. Den som skal vidareutvikle introprogrammet slik at dei nye busette får ei god innføring i korleis det er å bu i Noreg og på Osterøy, og sikre ei raskast mogleg integrering. Introveileder samarbeider med mange kommunale tenester og private bedrifter i å skaffe språkpraksisplass. NAV har ansvar for arbeidspraksisplasser og vil samarbeide tett med introveileder.

Miljøterapeut

Miljøterapeut i eining integering og bustad har ansvar for å følgje opp dei busatte flyktningane i ein overgangsperiode. Vi ser at mange av dei treng litt meir oppfølgjing enn andre når dei kjem nye til kommunen.  Ei viktig oppgåve for miljøterapeuten er å koble dei nye opp mot rett teneste og sjå til at dei får den hjelpen dei treng frå rett instans. Miljøterapeut samarbeider tett med introveileder, vaksenopplæringa, NAV, Helsestasjon og mange fleire..

Koordinere  samarbeid mellom frivillige organisasjonar og kommunale tenester

Osterøy kommune har tilsett frivilligkoordinator. Denne stillinga er nyoppretta i kommunen. Frivilligkoordinator vert ein kontaktperson mellom frivillige lag og organisasjonar og Osterøy kommune. Ei av dei viktigaste oppgåvene vert å bistå når lag og organisasjonar ynskjer hjelp eller samarbeid.

Grete Birkelid er tilsett som frivilligkoordinator i eining integering og bustad. Ho har i oppgåve å utvikle samarbeid mellom kommunale tenester og frivillige organisasjonar til beste for innbyggarane på Osterøy.

Ansvar for bustadforvaltninga

Eininga har eit overordna ansvar for den kommunale bustadutviklinga og administrasjon av dei eksisterande bustadane.

 

Web levert av CustomPublish