Julehelsing frå ordføraren

Julehelsing frå ordføraren

Osterøy kommune vil ønskja alle ei riktig God Jul og eit Godt Nytt År! 

Klikk deg inn på artikkelen for å lesa julehelsinga frå ordføraren.

”God Jul!”, seier me til kvarandre no i denne tida. Til fjern og nær. Og me veit at det er eit ynskje om noko godt. Noko godt som skal gje den gode kjensla for kvar og ein - heilt inne i hjertet.

Kva som skal til for å få denne gode kjensla er forskjellig frå menneske til menneske – kvar me er i livet og korleis livet vårt har vore og er. Men felles er at me alle har tankar om kva som kan gjere jula til ei god tid. Den fantastiske ramma av rike tradisjonar med alle sine inntrykk: lukter, smakar, lys og glitter er viktig, men eg trur likevel det me er og det me kan vera for kvarandre er det viktigaste.

Denne førjulstida har eg på nytt tenkt over kva som er viktig i jula. Eitt lite ord oppsummerer for meg noko av det viktigaste: dela.

Delt glede er dobbel glede, vert det sagt. I jula er dette verkeleg sant. Jula handlar om å dele arbeid, førebuingar, forventningar, gleder – og, for nokre, sakn. Jula handlar om å møtast og dele tid, å dele av oss sjølv med andre. Dei nære, familie og vener – og dei fjerne, dei me ikkje kjenner, men som me likevel deler med i denne tida.

Julehøgtida sitt utgangspunkt er bodet om ei stor glede, ei glede for heile folket.

Jula er tida for å dele denne og andre gleder med kvarandre.

 

Mitt ynskje for jula 2017 er dette: At me, som alle har noko å dela, deler av det beste me har med våre medmenneske. Då vert jula rikare for oss alle.

 

Med ynskje om ei God Jul til alle i Osterøy

Jarle Skeidsvoll, ordførar

Web levert av CustomPublish