kartlegging og versetting friluftsliv Osterøy

Prosjektskildring

Osterøy kommune fekk i 2014 tildelt 60.000 kr frå Hordaland fylkeskommune for å gjennomføre kartlegging og verdsetting av friluftslivsområder jamfør rettleiar M98-2013 «Kartlegging og verdsetting av friluftsområder». Arbeidet med kartlegging og verdsetting av friluftslivsområder er forankra i Nasjonal strategi for eit aktivt friluftsliv (2014-2020) og Nasjonal handlingsplan for statleg sikring og tilrettelegging av friluftsområder (2014-2020). 

Det er eit nasjonalt mål at flest mogleg kommunar har kartlagt og verdsatt sine viktigaste friluftslivsområde innan 2018. Frå 2018 vil det vere eit krav om å ha gjennomført ei kartlegging og verdsetting av friluftsområder for å kunne søke om statleg medverknad til sikring av friluftsområder. Vidare vil metoden kunne bidra til å oppnå nasjonale mål om å sikre befolkninga høve til eit variert friluftsliv i nærmiljø og i naturen ellers.

Målet med kartlegginga er å:

  • få oversikt over og tydeleggjera areal til friluftsliv i kommunen
  • få verdsett og prioritert aktuelle areal til friluftsliv i kommunen, og gjennom dette sikre god tilgang på relevant friluftslivsinformasjon i kommunen og for eksterne partar.

Konkret vil ein gjennom prosjektet identifisere, differensiere, verdsette og digitalisere friluftsområda i kommunen. Prosjektet vil resultera i eit temakart som syner dei ulike friluftsområda i kommunen og skildra bruk og verdi. Rettleiaren anbefaler at alt areal i kommunen bør kartleggast, men at det er særleg viktig der arealbrukskonfliktane er størst, som til dømes i tettstadar og i strandsona knytt til sjø. Prosjektet vil resultera i:

  • Ein kortfatta rapport med oppsummering av arbeidet
  • Kartfiler i sosiformat til kommunen (leggjast inn som eit temalag i kommunen si digitale kartløysning)
  • Interaktivt kart som presenterer friluftsområda på nett. Dette vert lagt inn i Naturbase.no med kommunen som eigar av datasettet.

Arbeidet med registrering og verdsetting vil halde fram utover i 2017.

Dokument og lenkjer

 

Web levert av CustomPublish