Generelt

Kven kan søke
Den eller dei som er eigar eller fester av eigedomen, eller den som har fått myndigheit  ved fullmakt.

Slik søkjer du
Søknad om rekvisisjon om oppmålingsforretning vert å senda til kommunen på eige skjema. Grensepunkta som du ønskjer påvist skal merkast av på eit kart som du legg ved skjemaet.
Ved grensegang bør det leggast ved kopi av eventuelle skylddelinger eller andre dokument som beskriv grenseforløpet. Kopi av skylddelinger etter 1950 kan bestillast hjå kartverket. For å kunne bestille kopi i denne tenesta må ein ha opprettelsesdato for eigedomen samt dokumentnummer. Kopi av skylddelinger før 1950 kan man finne på digitalarkivet.
Dersom rekvirent (søkjer) er andre enn eigar (-ane) må eigar(-ane) samtykke skriftleg til frådelinga. Samtykke leggast ved søknaden.

1.Grensepåvisning
Klarlegging av grenser for eigedom som er koordinatbestemt tidlegare.

Grensepunkta må være koordinatfesta tidlegare i eit overordna koordinatsystem (NGO, Euref89). Når ein eigedom manglar grensemerke kan kommunen etter søknad sette ut grensemerke i samsvar med målebrev/matrikkelbrev. I dette tilfelle vil det være nok å sette ut nytt grensemerke.

2.Grensegang
Klarlegging av grenser for eigedomar som ikkje er koordinatbestemt tidlegare.

Partane må bli einige om grenseforløpet som merkast og koordinatfestast ved innmåling. Som grunnlag for klarlegginga vert det lagt til grunn eksisterande grensemerke i marka, skylddelingsforretninger, eksisterande målebrev, kart eller andre dokument som kan beskrive grenseforløpet.

Tjenesten oppdatert: 24.03.2017 10:21

Web levert av CustomPublish