Knut Arild Hareide (KRF) fekk eit innsyn i det tverrfaglege arbeidet til Familiens hus. Foto:

Knut Arild Hareide (KRF) fekk eit innsyn i det tverrfaglege arbeidet til Familiens hus. Foto: Heidi Eikeland ©Osterøy kommune

Knut Arild Hareide møtte Familiens hus

Torsdag 11. mai besøkte partileiar i KrF Knut Arild Hareide Osterøy. Møtet med teamet i Familiens hus var ein av postane på eit innhaldsrikt program denne dagen.

Ordførar Jarle Skeidsvoll seier at den store entusiasmen og det målretta tverrfaglege arbeidet for å møte barn, unge og familiar sine behov i utfordrande situasjonar gjorde eit sterkt inntrykk på partileiaren. Representantar for alle greinene i Familiens hus; barnevernet, PPT, helsestasjonen, tverrfagleg teneste var alle representert og informerte om sitt arbeid i ein open dialog med Knut Arild Hareide.

Web levert av CustomPublish