Buformer

Dersom ein av ulike årsaker ikkje kan skaffe seg bustad sjølv eller ikkje lenger kan bu heime, kan kommunen hjelpe med å skaffe bustad.

Ulike tilbod for innbyggjarane i Osterøy:

Kommunale husvære:

Kommunen har ulike bustader for sosialt vanskelegstilte. Ein kan venda seg til NAV sosial eller servicekontoret for spørsmål om bustad.

Mellombels husvære:

Kommunen har ikkje gjennomgangsbustader, men NAV - Osterøy hjelper til å finne bustad i akutte situasjonar.

Omsorgsbustader/aldersbustader:

Pleie - og omsorgseininga disponerer omsorgsbustader og tildeler etter vedtekne reglar. Søknadene vert handsama fortløpande.

Sjukeheim -langtidsopphald:

Osterøytunet gjev tilbod til personar med så store hjelpebehov at pleie- og omsorgstenesta ikkje er i stand til å ivareta hjelpebehov i heimen.

Søknadsskjema for omsorgsbustad/institusjonsplass

 

Web levert av CustomPublish