Kommunal planstrategi

Planstrategi for Osterøy kommune

Kommunal planstrategi er eit overordna styringsdokument etter plan- og bygningslova som skal vedtakast seinast eit år etter konstituert heradstyre. Formålet er å tydeleggjere kva planoppgåver kommunen bør starte opp eller vidareføre for å legge til rette for ønska utvikling i kommunen. Kommunal planstrategi erstattar det obligatoriske kravet til rullering av kommuneplanen som låg i plan- og bygningslova av -85 (PBL 1985). Planstrategien sett fokus på at planlegging skal være behovsstyrt og ikkje gjerast  meir omfattande enn naudsynt.

Den kommunale planstrategien er eit hjelpemiddel for det nye kommunestyret til å avklare kva planoppgåver kommunen skal prioritere i valperioden for å møte kommunen sine behov. Eit viktig mål er å styrke den politiske styringa av kva planoppgåver som skal prioriterast. Arbeidet med kommunal planstrategi vil gi ei betre og meir systematisk vurdering av kommunen sitt  planbehov slik at kommunen betre kan møte dei aktuelle utfordringane.

Heradstyret skal minst ein gong i kvar valperiode utarbeide og vedta kommunal planstrategi. Strategien gjer føringar for planarbeidet dei neste fire åra. I planstrategien vurderer ein mellom anna  behovet for rullering av kommuneplanen. Den fyrste planstrategien for Osterøy vart lagt fram 7.november 2012.

Meir om kommunal planstrategi kan du lese her.

Planstrategi Osterøy 2016-2020

Vedtak av kommunal planstrategi for Osterøy kommune 2016-2020

HS vedtak 062/16 05.10.2016

I møte 05.10.2016 gjorde Heradstyret slikt vedtak:

«Med heimel i plan og bygningslova § 10-1 vert Kommunal planstrategi for Osterøy kommune 2016-2020, dagsett 22.08.16 vedteken som styrande verktøy av ressursar for perioden 2016-2020»

11. november 2016 Les meir
framside planstrategi 2016-2020

Høyring og offentleg ettersyn av Kommunal planstrategi for Osterøy kommune 2016-2020 - merknadsfrist 19.08.16.

Heradsstyret gjorde i møte 22.06.16 følgjande vedtak i sak 044/16: 

"Med heimel i plan og bygningslova § 10-1 vedtek Heradsstyret å legga framlegg til Kommunal planstrategi for Osterøy kommune 2016-2020, dagsett 01.06.2016 ut på høyring og offentleg ettersyn, og med slikt tilleggspunkt til arealstrategiar: Strategi for å sikra vern av jordbruksareal og vern av matjord.  Det er ei utfordring i heile Norge at jordbruket byggast ned i stor skala. Det må innarbeidast i arealplanen korleis vi kan ivareta jordbruket."

28. juni 2016 Les meir
framside_planstrategi 2012-2016

Planstrategi for Osterøy kommune 2012-2016

Den fyrste planstrategien for Osterøy vart lagt fram 7.november 2012. Sentrale planar som skal ha oppstart i løpet av 2013 er mellom anna kommuneplanen sin samfunnsdel, kommundelplan for oppvekst, områderegulering Lonevåg, trafikksikringsplan og plan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv.

Planstrategi for Osterøy kommune gjeldande for 2012-2016 finn du her.

08. august 2016 Les meir
Web levert av CustomPublish