Kommunedelplan for sjø og strandsone 2015 - 2025

SJØ- OG STRANDSONEPLAN copy.jpg

 

Føremålet med planarbeidet er å utarbeida ein arealplan som skal fungera som eit styrande dokument for arealfovaltninga i sjø og strandsone. Planen skal sikre innbyggjarar og andre tilgong til sjø, viktige naturverdiar og ivareta muligheten for næringsutvikling. Planen skal vurdere korleis ein skal forvalte strandsona i eit langsiktig perspektiv og sjå på korleis stukturen på akvakulturerområda skal vera i kommuen sine sjøareal.

Det skal bli utarbeida ein arealplan med kart og føresegner som syner kva areala skal nyttast til.

Avgrensinga til planen vil vera kommunen si strandsone frå sjø og 100 meter inn på land eller lenger der ein har kartlagd at funksjonell strandsone går lenger inn. Frå strandsona og ut i sjø går planavgrensinga ut til kommunegrensa. Bakgrunnen for denne avgrensinga i sjø er at det er avsett mange område for akvakultur i sjø.

Alle relevante dokument finn du i artiklane på denne sida, sjå under.

Utlevika (2)

3. gongs høyring Sjø- og strandsoneplanen

Det er gjort mindre endringar i sjø- og strandsoneplanen. Hovudsakleg gjeld desse endring av planen etter motsegn og merknad frå regionale styresmakter. Ny høyringsfrist er sett til 12. januar 2017.

13. desember 2017 Les meir
nAUSTOMRÅDE PÅ HAMRE SOM DET ER MOTSEGN TIL

Motsegn til sjø- og strandsoneplanen

Fylkesmannen fremjar motsegn til 4 arealendringar knytt til etablering av tiltak i strandsona. Hordaland fylkeskommune trekk attende si motsegn til kommunen sitt ynskje om å leggja til rette for bærekraftig akvakultur i Sørfjorden.

25. september 2017 Les meir
NETTSAK220617

Sjø og strandsoneplanen - Oversikt merknadar

Det er kome inn 23 merknadar frå private og offentlege instanser til planen ved 2. gongs høyring. I tillegg har Fylkeskommunen og Fylkesmannen fått utsett frist til 18. september, og desse vil kome med merknadar til planen.

22. juni 2017 Les meir

INFORMASJONSMØTE SJØ OG STRANDSONEPLANEN

Det vert informasjonsmøte om sjø- og strandsoneplanen på rådshuset tysdag 25. april kl 1800.

11. april 2017 Les meir
Skjermbilde

Høyring sjø- og strandsoneplanen

2. gongs offentleg ettersyn av sjø og strandsoneplanen

Heradsstyret vedtok i møte 22. februar å leggja ut kommunedelplan for sjø og strandsone ut på høyring. Alle kan kome med uttale og merknadar til planen men det er ikkje opna for å kome med innspel om arealendringar. Frist for høyring er sett til 2. juni.

06. april 2017 Les meir om høyring sjø- og strandsoneplanen.
Web levert av CustomPublish