kommuneplanen arealdel

kommuneplanen arealdel Laura Ve

Kommuneplanen sin arealdel (KPA)

Kommuneplanen sin arealdel setter rammene for bruk og vern av areal i Osterøy kommune.

Vedteken kommuneplan (arealdel) 2011-2023 for Osterøy kommune finn du i kommunen sitt planarkiv, BRA-plan.

Dokument for gjeldande plan:

Ny arealdel for Osterøy kommune vart vedteke i februar 2011. Dette var ei rullering av tema bustad, fritidsbustad og næring samt tilpassing til ny plan- og bygningslov. Eit viktig forarbeid i denne prosessen var utarbeiding og vedtak av arealstrategi for Osterøy kommune. Planstrategien for inneverande periode legg opp til at ein skal ha ein mindre justering av arealdelen samt utarbeide ny samfunnsdel i inneverande periode. Dette arbeidet vil starte i 2014.

Kommunen skal i si planlegging ivareta både kommunale, regionale og nasjonale interesser og oppgåver. Kommuneplanen er den obligatoriske samordnande planen for all verksemd innafor kommunen. Kommunane skal utføre ei kontinuerleg kommuneplanlegging med sikte på å samordna den fysiske, økonomiske, sosiale, estetiske og kulturelle utviklinga innafor sine område. Kommunestyret skal minst ein gong i løpet av kvar valperiode vurdera kommuneplanen i arbeidet med utarbeiding av planstrategien, og om det er behov for å gjere endringar i den.

Til kommuneplanen vert det utarbeida ein arealdel. Planen skal leggjast til grunn for planlegging, forvaltning og utbygging i kommunen. Kommuneplanen legg også grunnlaget for utarbeiding av kommunedelplanar og reguleringsplanar.

Arealdelen til kommuneplanen skal ta utgangspunkt i kommuneplanen sine overordna retningsliner for den fysiske, økonomiske, sosiale, estetiske og kulturelle utviklinga i kommunen. Arealdelen skal samstundes leggjast til grunn for og sikre gjennomføringa av dei nasjonale og regionale retningslinene for arealpolitikken.

Arealdelen er styringsverktøyet som skal sikre at arealbruken i kommunen bidrar til å nå vedteke mål for kommunen si utvikling. Den er eit aktivt styringsreiskap for å vise område der kommunen ynskjer ein spesiell planinnsats, illustrere areal som er viktige å forvalte på bestemte måtar, samt synleggjere område kommunen ynskjer verna mot utbygging.

Kommuneplanen sin arealdel har rettsverknad i den forstand at den enkelte grunneigar ikkje kan ta i bruk, byggje ut eller dele sin eigedom på anna måte enn det som er fastsett i plan. Kommuneplanen sin arealdel gir ikkje direkte ekspropriasjonsrett.

Web levert av CustomPublish